Miljøarbeid ved alvorlege psykiske lidingar hos personar med utviklingshemming

Kurs og kompetanseutvikling for helsepersonell , Bestillingskurs , Habiliteringsavdelinga for vaksne

Personar med utviklingshemming er meir utsette for å utvikle psykiske lidingar enn resten av befolkninga.

Stemningsliding og psykose kan vere vanskeleg å diagnostisere hos personar med utviklingshemming på grunn av reduserte kommunikasjonsevne og ofte annleise symptom.

Miljøpersonale har derfor ei viktig rolle i å oppdage symptom. I dette kurset vil vi fokusere på å kunne kjenne igjen symptom og kva som kan vere utløysande faktorar for lidinga. Miljøarbeid krev kjennskap til varselsignal, dempande strategiar, tilpassa kommunikasjon og felles forståing.

Kurset vil veksle mellom teori og caseoppgåver, der deltakarane blir engasjert.

Innhald

  • Å leve med utviklingshemming
  • Stress-sårbarhetsmodellen
  • Symptom på stemningsliding
  • Symptom på psykose
  • Kartlegging og når søke hjelp
  • Miljøtilrettelegging

Målgruppe

Tenesteytarar til personar med utviklingshemming. Kurset er eigna for grupper på 20-30 deltakarar.

Varigheit

5 timar

Kursansvarlege

Johanna Eide, fagkonsulent og vernepleiar
Helene Rosvoll, fagkonsulent og vernepleiar
Ingfrid Oppistov Lien, psykologspesialist

Pris

Fagleg innhald kr 9000,-

Praktisk informasjon

Lokal arrangør / bestillar har ansvar for praktisk tilrettelegging av kurset (kurslokale, påmelding, kaffi/te og lunsj).

Arrangør

Habiliteringsavdelinga for vaksne ved Haukeland universitetssjukehus

Kontakt

Førespurnad om bestillingskurs kan sendast til postmottak.habilitering@helse-bergen.no


Tilbake til Kursoversikt - bestillingskurs

Når og kor

Tid
Bestillingskurs
Klokkeslett
 
Arrangør
Habiliteringsavdelinga for vaksne
 
Kontakt
Kontaktperson Marianne Nielsen
Telefon 55 53 50 10 / 55 53 50 00
 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.