Energiteamet BUK arrangerer Mestringsuker for barn og unge med langvarig sjukdom som har oppfølging i Helse Bergen. Mestringsuker er eit heilheitleg behandlingstilbod der ein har som mål å gje barn, unge og deira føresette helsekompetanse samt gjere dei robuste til å handtere eigen kvardag. Fysisk aktivitet er en viktig del av behandlingstilbodet.
Under Mestringsukene får barn og unge erfaringar med å meistre eiga sjukdom gjennom fysisk aktivitet og undervisning. Behandlingstilbodet foregår i en liten gruppe på 6-8 barn med en foresatt tilstede og går over ei veke. Aktivitetane føregår i hovedsak i Energisenteret for barn og unge. Energiteamet BUK arbeider med individuelle mål for at hvart enkelt born skal få mest mogleg utbytte av veka. Kunnskapen ein får undervegs i behandlingsopphaldet blir overført til heimstaden, slik at erfaringane blir ein integrert del av kvardagen til barnet/ungdommen etter endt opphald.
Hva
Mestringsuka består av gruppebaserte aktivitetar i gymsal, basseng, på sjukehusskule og på VR-rom. Vi har også samtalegrupper med undervisning og rom for refleksjon. Nokon av aktivitetane føregår utandørs i nærmiljøet. I nokon aktivitetar er barn/ungdom og føresatt saman, mens i andre aktivitetar er gruppene delt.
Mestringsukene arrangeres av Energiteamet BUK som er eit tverrfagleg team beståande av ergoterapeut, fysioterapeut, idrettspedagog og sjukepleier. Energiteamet BUK samarbeider tett med fagmiljøa for å sikre fagspesifikt innehald.
For kven
Tilbodet er tilrettelagt for born og unge med langvarig sjukdom som har oppfølging i Helse Bergen og er i alderen 11-13 år.
Mestringsukene er foreløpig eit prosjekt der følgande pasientgrupper har vore inkludert til no:
barn/unge med hjartesjukdom
barn/unge som har hatt brannskade
barn/unge som har hatt kreft
barn/unge med langvarig smerteproblematikk
barn/unge med leppe-kjeve-ganespalte
barn/unge som er prematurfødt
barn/unge med nevrologisk grunndiagnose som har gjennomgått ortopedisk kirurgi
Meir informasjon