Look Good... Feel Better

Kurs, 21.03.2017, Kreftsenter for opplæring og rehabilitering, Kreftbehandling og medisinsk fysikk

I samarbeid med organisasjonen Look Good…Feel Better arrangerer vi sminkekurs for kvinner som er under kreftbehandling.

Fem gangar i året vert det halde eit to timars sminkekurs. Konsulentane som held kurset leiar deltakarane gjennom korleis pleie huden og korleis legge enkel kvardagssminke.

Det er plass til 12 deltakarar per kurs, og alle deltakarane sminker seg sjølv under rettleiing av konsulentane.

Neste kurs vert halde 21. mars. Kurset er fullteikna. 

Nytt kurs er tysdag 23. mai kl. 13-15. Påmelding til dette kurset startar 18. april.



Når og kor

Dato
21.03.2017 
Klokkeslett
13:00-15:00 
Stad
Parkbygget
Gå inn hovudinngangen til Parkbygget og følg blå stripe i golvet til venstre
 
Arrangør
Kreftbehandling og medisinsk fysikk, Kreftsenter for opplæring og rehabilitering KOR