Lokalsjukehuskonferansen i rehabilitering 2020

Konferanse, 11.03.2020, Voss sjukehus

Velkommen til lokalsjukehuskonferansen i rehabilitering.

Årets tema: "Kreftoverlevere - Heile mennesket, heile vegen".

Målgruppe

Brukarar, pårørande, fagpersonar og alle andre som er interessert i å læra meir om kreftoverlevere.

Program

08.15-08.45
Registrering og kaffi
 
08.45-09.00
Velkommen
Olav Lødemel, Direktør Voss sjukehus

09.00-09.30
Erfaringsrepresentant, Kreftforeningen

09.30-11.30
Seineffekt etter kreftbehandling
 - brei gjennomgang av viktige og vanlige tilstander
 - årsaksfaktorar, førebygging og forsking
Alexander Fosså, Overlege dr med, forsker, avd. for kreftbehandling, OUS, Nasjonalt kompetansesenter for seneffekter etter kreftbehandling, OUS

11.30-12.15
Lunsj
 
12.15-12:45
Kreftforeningen sitt tilbod 
Vardesenteret sitt tilbod
Silje Bremerthun, Psykologspesialist, Vardesenteret, Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, HUS
 
12:45-13:30
Livet etter kreftbehandling
 - kva er utfordringane?
 - korleis kan me gje hjelp?
 - frykta for tilbakefall, fatigue, meistringsstrategiar 
Silje Bremerthun, Psykologspesialist, Vardesenteret, Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, HUS
 
13:30-14:15
Kostråd etter kreft
 - kosthaldets betyding for ulike typar kreftoverlevere
 - kostråd ved ulike seineffekter etter behandling
Anita Helland, Klinisk ernæringsfysiolog, Avdeling for klinisk ernæring, Medisinsk avdeling, HUS
 
14:15-14:30
Pause
 
14:30-15:30
Fysisk aktivitet gjennom kreftforløpet
 - effekt av fysisk aktivitet før/under og etter behandling
 - kan fysisk aktivitet redusere seinvirkningar av behandling?
Kreftsenter for opplæring og rehabilitering sitt tilbod
Tor Helge Wiestad, Helse- og treningsrådgjevar, KOR, Kreftavdelingen, HUS

15.30-16.00
Kreftkoordinator i kommunen
 - eit tilbod til kreftpasientar og deira pårørande/nettverk
 - kva hjelp kan ein kreftkoordinator gje?
 - erfaringar og utfordringar
Kirsti Buset, Kreftkoordinator/kreftsjukepleiar, Voss herad
Margrete Berge Kreftkoordinator/kreftsjukepleiar, Kvam herad

16:00-16:25
Rehabilitering av kreftoverlevere i primærhelsetjenesten - Askøy modellen
Anne-Marte Hess Sweetmore, Prosjektleiar, spesialergoterapeut Askøy kommune
 
16:25-16:30
Oppsummering

Føredragshaldarar

Aleksander Fosså

Alexander Fosså er onkolog og overlege ved Oslo Universitetssykehus, avdeling for kreftbehandling. Han er i hovudsak tilknytt lymfomseksjonen med ei bistilling innan Nasjonalt kompetansesenter for seneffekter etter kreftbehandling, OUS. Han har doktorgrad innan immunbehandling ved kreft frå 2004. I klinisk arbeid og i forsking er det meste av arbeidet hans knytt til utreiing, behandling og oppfylging av pasientar med lymfekreft. Han forskar også på seineffekter etter kreft.

Erfaringsrepresentant

Silje Bremerthun

Silje Pettersen Bremerthun er psykologspesialist og har arbeidd ved Vardesenteret, Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Haukeland Universitetssjukehus sidan 2017. Ho har samtaler med pasient eller pårørande omkring kreftsjukdom, held mindfulnesskurs, avspenningskurs og har samtalegrupper. Arbeidde før dette ved BUP Nordhordland og er spesialist innan klinisk barne- og ungdomspsykologi.

Anita Helland

Anita Helland er klinisk ernæringsfysiolog og er ansatt i Avdeling for klinisk ernæring, Medisinsk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus. Hun har jobbet med kreftpasienter i mange år, og gir kostråd og holder kurs om ernæring og matlaging til kreftpasienter og pårørende. Hun underviser også om ernæring og kreft for helsepersonell, studenter, pasienter og pårørende. 

Tor Helge Wiestad

Tor Helge Wiestad arbeider som Helse- og treningsrådgjevar/ernæringsrådgjevar på Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) ved, avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Haukeland Universitetssjukehus. KOR gjev eit rehabiliteringstilbod til pasienter under og etter behandling. Wiestad har ein Bachelor i Idrett, Bachelor i ernæring frå Atlantis medisinske høgskole i Oslo og master i idrettvitenskap på universitetet i Agder. 

Kirsti Buset

Kirsti Buset starta som kreftkoordinator i Voss kommune i 2012 og tok vidareutdanning som kreftsjukepleiar i 2003. I samarbeid med Kreftforeningen arrangerer ho kurs for kreftpasientar og deira pårørande. Har hatt Livslystkurs i lag med Margrete Berge, parallelt kurs i Kvam/Voss. Ho er ein av gruppeleiarane for møteplasstilbodet Treffpunkt som Kreftforeningen står bak.

Margrete Berge

Margrete Berge starta som kreftkoordinator i Kvam herad i 2012 og har vidareutdanning som kreftsjukepleiar. Ho arrangerer temakafe for kreftpasientar og deira pårørande, eit lavterskeltilbud for dei som har og har hatt kreft. Samarbeider med den lokale brystkreftforeninga. Har hatt Livslystkurs i lag med Kirsti Buset, parallelt kurs i Kvam/Voss.

Anne-Marte Hess Sweetmore

Sweetmore er prosjektleiar i Kreftrehabiliteringsprosjektet i Askøy kommune som etter 3 år vert avslutta 31.12.19. Sweetmore vart utdanna ergoterapeut England i 1999 og jobba der frem til 2010. Tilsett i Askøy Kommune frå 2010. Ho tok tverrfagleg videreutdanning i palliasjon 2014. Vært med i driftsgruppa «Nettverk i kreftomsorg og lindrande behandling i Helseregion Vest.». Jobbet inn mot Lindrende Enhet ved Kleppestø Sykehjem.

Mia Gjerdrum Helgesen

Helgesen har malt biletet i programmet. Ho seier: «Jeg fikk kreft for noen år siden og var ute av drift et års tid. Men da jeg var tilbake, kom fargene. Jeg har det best når jeg kan male, da blir jeg en bedre kjæreste og en bedre mor. Malingen er som åndedrettet mitt». Ho er utdanna ved Statens Kunsthøyskole i Oslo og Westerdals og Academy of Art i San Fransisco.

Påmelding

Påmeldingsfrist for early-bird-prisar er 23. januar kl. 13.00. Vanlig påmeldingsfrist er 27. februar 2020.

Meld deg på her

Deltakaravgifta må betalast med bank/kredittkort eller VIPPS ved påmelding.

Hugs å meld frå om behov for teleslynge eller spesial kost/allergi ved påmelding.

Deltakaravgift/pris

NB! Deltakaravgifta må betalast med bank/kredittkort eller VIPPS ved påmelding. 

Fagpersonar i Voss lokalsjukehusområde/Voss sjukehus
Early bird: 1100,-
Etter 22.01.20: 1500,-

Brukarar/pårørande:
Early bird: 900,-
Etter 22.01.20: 1300,-

For andre fagpersonar:
Early bird: 1400,-
Etter 22.01.20: 1800,-

Avgrensa tal på plassar, så ver tidleg ute med påmelding!

Tilpassa lokale

Lokala er tilgjengeleg for rørslehemma.

Godkjenning som kurs

Me søkjer om å få godkjent konferansen som kurs i vidare-/etterutdanning for legar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, ergoterapeutar og psykologar.

Når og kor

Dato
11.03.2020 
Klokkeslett
08:15-16:30
Stad
Scandic Voss
 
Arrangør
Voss sjukehus
Avdeling for rehabilitering og tverrfaglege tenester ved Voss sjukehus og Samarbeidsrådet ved Rehabiliteringsutvalet. 
Kontaktinformasjon
Seksjonsleiar Kjersti Gulbrandsen Skattum
kjersti.gulbrandsen.skattum@helse-bergen.no
56533567

Ass. seksjonsleiar Siren M. B. Bakketun
siren.margrethe.bassoe.bakketun@helse-bergen.no
95 29 29 53
 
Fann du det du leita etter?