Lokalsjukehuskonferansen i rehabilitering 2019

Konferanse , 21.03.2019 , Rehabilitering og tverrfaglege tenester Voss, Voss sjukehus

Velkommen til lokalsjukehuskonferansen i rehabilitering. Årets tema er "Kommunikasjon og meistring – Kunsten å kommunisere".

Målgruppa for kunferansen er brukarar, pårørande, fagpersonar og alle andre som er interessert i å læra meir om kommunikasjon og meistring.

Om konferansen

Som det første landet i Europa har Noreg nasjonale retningslinjer som inneheld råd om helsekommunikasjon. Victoria Telle Hjellset set oss inn i forskninga som ligg bak råda, alt frå kultur og helse, sosial ulikskap, stress og meistring og tilslutt om kunsten å kommunisere. Alle menneske kan oppleva meistring dersom dei vert møtte med klok og god kommunikasjon. Hjellset forklarar oss korleis fysiologiske størrelsar som blodtrykk, kolesterol, blodsukker og immunsystemet vert påverka gunstig hjå menneske som definerer seg sjølve som meistrande. Gjennom eksempel frå fleire forskjellige pasientgrupper viser ho korleis meistring har magisk effekt og korleis du som helsepersonell kan hjelpa dine pasientar til betre helse ved hjelp av god kommunikasjon. I tillegg vil ho garantert gje deg tips og råd som kan gjera deg meir meistrande i din kvardag.

Godkjenning av konferansen

Me søkjer om å få godkjent konferansen som kurs i vidare-/etterutdanning for legar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, ergoterapeutar og psykologar.

Program 21. mars

08.15-08.45 Registrering og kaffi
08.45-09.00 Velkommen
09.00-09.30 Erfaringsrepresentant ved Kristin Birgitte og Borgen Brekke
09.30-10.15 Kultur og helse ved Victoria Telle Hjellset
10.15-10.30 Kaffipause
10.30-11.30 Sosial ulikheit ved Victoria Telle Hjellset
11.30-12.30 Lunsj
12.30-13.45 Stress og meistring ved Victoria Telle Hjellset
13.45-14.00 Kaffipause
14.00-15.30 Kunsten å kommunisere ved Victoria Telle Hjellset

Påmelding

Early bird: Merk at konferansen har redusert pris ved påmelding innan 18.01.19!
Påmeldingsfristen for vanleg pris er 10. mars 2019.

Avgrensa tal på plassar, så ver tidleg ute med påmelding!

NB! Deltakaravgifta må betalast med bank/kredittkort eller VIPPS ved påmelding.
Hugs å meld frå om behov for teleslynge eller spesial kost/allergi ved påmelding.

Meld deg på konferansen

Deltakaravgift / pris

Deltakaravgifta må betalast med bank/kredittkort ved påmelding.

Fagpersonar i Voss lokalsjukehusområde/Voss sjukehus
Early-bird: 1100,-
Etter 18.01.19: 1500,-

Brukarar/pårørande:
Early-bird: 900,-
Etter 18.01.19: 1300,-

For andre fagpersonar:
Early-bird: 1400,-
Etter 18.01.19: 1800,-

Om føredragshaldarar

Erfaringsrepresentant:
Kristin Birgitte Borgen Brekke jobbar til dagleg i helsevesnet. Ho er mor til Hogne Borgen Brekke som vart utsett for ei ulykke i Arnanipa tunellen 12. mai 2016. Han skulle då ordne med straumen til musikkanlegget på taket av russebussen og vart treft i bakhovudet av lysarmatur i tunellen.
Dette er hennar forteljing om korleis ho og familien opplevde tida etter ulykka.
 
Føredragshaldar:
Victoria Telle Hjellset er Cand.scient i fysisk aktivitet og helse frå Norges Idrettshøyskole. Ho har ein PH.D. i stress, mestring og atferdsendring frå Institutt for helse og samfunn, Medisinsk fakultet ved Universitetet i Oslo. Ho er ferdig med sin postdoktorperiode ved institutt for folkehelsevitenskap ved Norges miljø- og biovitenskapelige Universitet (NMBU). No er ho tilknytta NMBU som forskar i folkehelsevitenskap.
Som forskar i over 20 år i folkehelsevitenskap har ho hatt fokus på blant anna stress og meistring og forståinga av korleis det psykologiske og fysiologiske heng saman. Mestring viser seg å vera avgjerande i dei fleste situasjonar i eit menneske sitt liv. Situasjonar der meistring er signifikant for resultatet er blant anna: smerte og sjukdomsoppleving, utvikling av sjukdom (både fysisk og psykisk), rehabilitering etter sjukdom, arbeidsevne og arbeidskapasitet, sjukefråvær og sjukenærvær.

Telle Hjellset har vunne ei rekke prisar for sitt forskningsarbeid, bl.anna folkehelseprisen i 2008. I 2012 vann ho prisen for beste forskningsarbeid i 2012 frå Kunnskap Oslo, for si forsking på diabetes blant innvandrarkvinner. Victoria er også ein prisbelønna føredragshaldar som brenn for å redusere sosial ulikheit i helse i den norske befolkninga. Ho er ein engasjerande føredragshaldar som presenterer harde fakta, krydra med gjenkjennelege eksempel. Hennar føredrag er lærerike, matnyttige og underhaldande.

Lokala er tilgjengeleg for rørslehemma

Konferanselokala ved Park Hotel Vossevangen er tilgjengeleg for rørslehemma.

Overnatting

Tilbod om overnatting på Park Hotel Vossevangen til kr 1175,- pr pers. i enkeltrom per døgn, 875,- pr pers. i dobbeltrom, inkludert frukost.

Når og kor

Dato
21.03.2019 
Klokkeslett
08:45-15:30
Stad
Park Hotel Vossevangen, Voss
 
Arrangør
Rehabilitering og tverrfaglege tenester Voss, Voss sjukehus
i samarbeid med Samarbeidsrådet ved Rehabiliteringsutvalet. 
Kontakt
Britt Madli Manger
britt.madli.manger@helse-bergen.no
56 53 38 45
 
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.