Langtidsbehandling med oksygen i heimen

Kurs, Blir arrangert kvart andre år, Lungeavdelinga, Medisinsk-teknisk avdeling, Nasjonal kompetansetjeneste for hjemmerespiratorbehandling, Lærings- og meistringssenteret, Behandlingshjelpemiddel

Kurset er for personar som brukar oksygen i hjemmet og deira pårørande. Her får du kunnskap som bidrar til økt tryggheit og meistring i kvardagen. Du møter også andre i same situasjon.

  Dette kurset går over to dagar, 1. juni og 8. juni 2017, kl. 10.00-15.00 begge dagar. Maks antall deltakarar per kurs er 20 deltakarar.

Kursinformasjon - Langtidsbehandling med oksygen i heimen (pdf)

Pris

Eigendel etter gjeldande takstar - kan skrivast i eigendelskortet. Gratis ved frikort. Pårørande gratis. Enkel lunsj serverast.

Tid 2017

1. juni kl. 10.00 - 15.00

Påmelding

Pasientar som låner oksygenutstyr frå Helse Bergen bruker kun vedlagte påmeldingsskjema, dei treng inga tilvising frå lege. O2-brukarar utanfor Helse Bergen treng tilvising frå lege.

Påmeldingsfristen til kurset er 14. dagar før kursstart.

Påmeldingsslipp, ev. tilvising sendast til:
Seksjon for behandlingshjelpemidlar
Solheimsgaten 13
5058 Bergen

Kan og sendast på e-post: sbh@helse-bergen.no

Stadfesting av kursplass blir sendt via sms eller e-post.

Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, krev sjukehuset ein eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort. Spørsmål om kurset kan rettast til Margun Gravdal eller Irene Morild.

Det er ønskeleg at pårørande deltar. Dette må då førast i same påmelding/tilvising. Ved behov for ledsagar må dette også stå i tilvisinga. Meld frå om spesielle behov.

Det tas føremon om tilstrekkeleg antall påmeldte.

For praktisk informasjon

Lærings- og mestringssenteret i Bergen, HUS
55 97 47 80 - e-post lms@helse-bergen.no
Internett www.helse-bergen.no

Reise-, kost- og overnattingsutgifter ved legetilviste kurs ved Lærings- og meistringssenteret, dekkast etter faste satsar mot ein eigendel. Reise må bestillast gjennom Pasientreisekontoret, tlf. 05515, www.pasientreiser.no, snarast mogleg etter innkalling. Ta vare på kvitteringar.

Pårørande kan også få dekka kostnadar dersom det står i tilvisinga frå lege at pårørande skal ledsage.

Når og kor

Tid
Blir arrangert kvart andre år
Stad
Lærings- og meistringssenteret
  
Arrangør
Nasjonal kompetansetjeneste for hjemmerespiratorbehandling - NKH, Lungeavdelinga, Medisinsk-teknisk avdeling, Lærings- og meistringssenteret, Behandlingshjelpemiddel
Læringstilbudet er utviklet av Lungeavdelingen og Medisinsteknisk avdeling i samarbeid med Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke (LHL) og Lærings- og mestringssenteret i Bergen.