Kurs i traumesjukepleie (KITS)

Kurs, Kurset gjennomførast over to dagar og har ein varigheit på 15 timar, Akuttmottak

Målet med kurset er å gi alle sjukepleiarane og andre medlemmer av traumeteamet grunnleggande kunnskap som skal gjere dei i stand til å ta hand om traumepasientar på ein profesjonell måte.
Kurskonseptet KITS blei utvikla ved Avdeling for traumatologi ved Oslo universitetssjukehus i 2010.

 

Betre sikkerheit for pasientane

Kurset er med på å kvalitetssikre og forbetre mottak og omsorg for traumepasientar, samt å medverke til å minske mortalitet og morbiditet. Kurset inneheld dei same pedagogiske prinsipp som ATLS for leger, TNCC for sjukepleiarar og PHTLS for ambulansepersonell.

 

Teori og praksis

Teori og praktiske øvingar går vekselvis gjennom heile kurset. Kurset gjennomførast over to dagar og har ein varigheit på 15 timar.

Under kursets første dag går ein gjennom mellom anna primærundersøking, thoraxskader, abdominale skader, hode- og nakkeskader, bekken- og ekstremitetsskader. Det blir også øvingsstasjonar for fri luftveg, nakkekrage og log roll, samt praktisk primærundersøking og case.

Avsluttar med prøve

Dag to tar føre seg sjokk og resuscitering, stikk- og skuddskader, barn/gravide/eldre, hypotermi/brann - og kurset blir avslutta med ein fleirvalsprøve og praktiske oppgåver. 

Når og kor

Tid
Kurset gjennomførast over to dagar og har ein varigheit på 15 timar
Arrangør
Akuttmottak