Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Kurs i eigenmåling av INR og eigendosering av Marevan

Kurset er for pasientar som kan forventast å kunne ta kapillær blodprøve på seg sjølv, bruke apparat for måling av INR, gjere ein eigenvurdering av måleresultatet og ut frå INR-resultatet sjølv dosere Marevan. Sjå meir informasjon under.

Tid og stad

Når

Kursa vert haldt fortløpande 1- 2 gongar per månad med 4-8 deltakare kvar gang. Du vil få en innkalling når du har fått plass på kurset. Kurset er på Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (Laboratoriebygget) på Haukeland universitetssjukehus.

Arrangør

Kurset er et samarbeid mellom Seksjon for behandlingshjelpemidlar, Medisinsk Teknisk avdeling, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi og Thoraxkirurgisk seksjon, Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus.

Du må ha tilvising frå lege for å delta.  

Skjema for tilvising

Kurset er altså for pasientar som kan forventast å kunne ta kapillær blodprøve på seg sjølv, bruke apparat for måling av INR, gjere ein eigenvurdering av måleresultatet og ut frå INR-resultatet sjølv dosere Marevan.  I tillegg er det aktuelt: 

  • For pasientar som forventast å skulle bruke Marevan livslangt, fortrinnsvis etter implantasjon av mekanisk hjarteventil.
  • Der kontroll av INR og dosering av Marevan hos fastlegen er en belastning for pasienten for eksempel ved
    • behov for hyppige kontroller
    • medfører stort tidsbruk for pasienter
    • vanskelig å kombinere med arbeid
    • stor reiseverksemd

Behov og indikasjon for sjølvstyrt Marevan-behandling hos den enkelte pasient vurderast av ansvarlig avdeling/seksjon i spesialisthelsetenesta, til dømes Thoraxkirurgisk seksjon, Seksjon for hematologi, Karkirurgisk avdeling. 

3 dagar

Kurset går over 3 dagar, totalt ca 6 timer:

  • Kursdag 1: Opplæring i eigenmåling og bruk av apparatet, 2 timer.
  • Kursdag 2: 4 – 6 ukar etter opplæring i eigenmåling. Repetisjon og praktisk gjennomgang av eigenmåling INR. Venøs prøve for samanlikning av resultat. Opplæring i eigendosering av Marevan, 3 timer . 
  • Kursdag 3: 4-6 ukar etter kursdag 2. Repetisjon eigendosering av Marevan inkludert en test av kunnskap om eigendosering, totalt 1 time.

Pris 

Eigenandel etter gjeldande takstar – kan skrivast i eigendelskortet. Gratis ved frikort. 
Avbestilling seinast 24 timer før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs krev sjukehuset ein eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort. 

Apparat for eigenmåling av INR og forbruksmateriell betales av helseføretaket.

Reiseutgifter

Reise-, kost- og overnattingsutgifter ved legetilviste kurs dekkes etter faste satsar mot ein eigendel. Pårørande kan få dekket kostnader dersom det står i tilvising frå lege at pårørande skal delta. Reise må bestillast gjennom Pasientreisekontoret, tlf. 05515, www.pasientreiser.no 

  • Send kopi av innkallingsbrev til Pasientreiser 
  • Ta kontakt med Pasientreiser etter noen dagar 
  • Avtal direkte med Pasientreiser korleis du skal reise/overnatte 
Ta vare på kvitteringar. 

Kontakt