Kronisk suicidalitet – Forståelse og behandling

Kurs , 06.12.2018 , Forskingsavdelinga, Divisjon psykisk helsevern, Psykisk helsevern

Kurset skal gje kunnskap om kva som ligg i begrepet «kronisk suicidalitet» og auka tryggleik ved behandling av pasientar med denne problematikken.

Målgruppe

Legar og psykologar, med og uten spesialistkompetanse

Målsetjinga med kurset

Målsetjinga med kurset er at det skal gje kunnskap om kva som ligg i begrepet «kronisk suicidalitet» og auka tryggleik ved behandling av pasientar med denne problematikken. Deltakarane får kjennskap til DBT (Dialektisk atferdsterapi)-perspektiv og MBT (Mentaliseringsbasert terapi)-perspektiv på behandling av kronisk suicidalitet. Kurset skal også formidle kunnskap om ev. medikamentell behandling, med fokus på utfordringar og dilemma som ofte oppstår rundt medikamentell behandling av pasientgrupper med denne problematikken.

Program

08.15 – 08.40 Registrering
08.40 – 08.45 Velkommen 
08.45 – 09.30 Kronisk suicidalitet: Begrepsavklaring og dilemmaer, v/ Eirik Hjermann
09.30 – 09.45 Pause
09.45 – 10.30 DBT-perspektiv på behandling av kronisk suicidalitet, v/Berge Osnes
10.30 – 10.45 Pause
10.45 – 11.30 Spesifikke utfordringer ved behandling av personer med lavt evnenivå/Spesielle utfordringer ved selvskadingsproblematikk, v/Sigurd Annaniassen Trondsen 
11.30 – 12.15 Lunsj
12.15 – 13.00 MBT-perspektiv på behandling av kronisk suicidalitet, v/Eirik Hjermann
13.00 – 13.15 Pause
13.15 – 14.00 Medikamentell behandling ved kronisk suicidalitet, v/Lars Onsrud 
14.00 – 14.15 Pause 
14.15 – 15.30 Oppsummering, spørsmål og diskusjon: Panel med alle foredragsholderne

Om foredragshaldarane

Eirik Hjermann er psykologspesialist, MBT-terapeut og leiar av dagbehandlingstilbodet og MBT-teamet ved Kronstad DPS.
Berge Osnes er psykologspesialist, PhD og DBT-terapeut ved Bjørgvin DPS. Han er og tilsett ved Psykologisk fakultet, Universitetet i Bergen
Sigurd Annaniassen Trondsen er psykologspesialist, DBT-terapeut og leiar av DBT-teamet ved Bjørgvin DPS.
Lars Onsrud er klinikkoverlege ved Kronstad DPS og MBT-terapeut.

Kurset er søkt godkjent 

Kurset er søkt godkjent for følgande spesialitetar:
For legar:

  • Psykiatri: 6 timar som valgfritt kurs for legar i spesialisering og spesialistane si etterutdanning
  • Allmennmedisin: 6 timar valgfrie kurspoeng til videre- og etterutdanninga

For psykologar: 6 timars fritt spesialistkurs/vedlikehaldskurs i spesialistutdanninga

Pris

Gratis for tilsette i Helse Bergen, Solli DPS, Betanien DPS, Voss NKS Bjørkeli og NKS Olaviken
Andre: Kr. 500,-
Lunsj er inkludert.

Påmelding

Påmeldingsfrist: Torsdag 15. november 2018
Tilsette i Helse Bergen melder seg på via Læringsportalen.
Alle andre melder seg på via påmeldingsskjema vårt.

Når og kor

Dato
06.12.2018 
Klokkeslett
08:15-15:30
Stad
Bikuben kurs- og konferansesenter
  
Arrangør
Forskingsavdelinga, Psykisk helsevern, Psykisk helsevern
 
Kontakt
Liv Mellesdal, tlf. 56598452
liv.mellesdal@helse-bergen.no 
 
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.