Jubileumsforedrag og historisk utstilling på Kysthospitalet i Hagevik

Kulturtilbud , 24.08.2018 , Kysthospitalet i Hagevik

Kysthospitalet i Hagevik blei offisielt opna 24. august i 1893, og fyller 125 år i 2018. Dette blir feira på ulike vis gjennom 2018.

Fredag 24. august - på 125 årsdagen til Kysthospitalet i Hagevik - kan du få med deg både jubileumsseminar med kunstnariske innslag og ei historisk utstilling i Oseana kunst og kultursenter på Os.

Arrangementet er opent for alle. Billettar er gratis og må hentast ut på Ticketmaster.no

Historisk utstilling

Kl. 11.00-18.00

Jubileumsseminar

Kl. 12.00-17.00

Når og kor

Dato
24.08.2018 
Klokkeslett
11:00-18:00
Stad
Oseana Kunst- og Kultursenter, Mobergsbakken 20,  5200 Os
 
Arrangør
Kysthospitalet i Hagevik
 
Meir informasjon
Kysthospitalet i Hagevik Kysthospitalet i Hagevik 

Litt om Kysthospitalet si historie

Sjukehuset starta som eit sjukehus for pasientar (primært barn) med tuberkolose i musklar og ledd. Etter kvart som det kom effektiv behandling mot tuberkulose på 1940-talet, gjekk sjukehuset meir og meir over til planlagte operasjonar i musklar og skjelett (ortopedisk kirurgi).

Sjukehuset er i dag eit av dei største i landet på proteseoperasjonar i kne og hofte og operasjonar i ryggen. I tillegg behandlast ulike lidingar i skulder, olboge, hand, bekken, hofte, kne, ankel og fot.

Eksteriør - Kysthospitalet sett frå sjøen før første utbygginga. Foto

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.