Informasjonsmøte på KK

Kurs, Fødeseksjonen

Informasjonsmøtet for førstegongsfødande er eit tilbod frå Fødeseksjonen på KK for førstegongsfødande kvinner med partnar.

I løpet av den timen du er her, vil du møte ei jordmor og ein fødselslege som presenterer avdelingane våre og fortel litt om kva du kan forvente å møte når du kjem til oss for å føde. Vi har dessverre ikkje mogelegheit til å vise de rundt på huset, men anbefaler at de tar ein titt innom våre nettsider med virtuell omvising på KK:

Sjå video og presentasjon av våre einingar på Fødeseksjonen

Jordmor og lege

I tillegg vil du få vite meir om kva slags hjelp vi kan tilby deg i samband med fødsel, for eksempel informasjon om smertelindrande behandling under fødsel og korleis vi går fram dersom vi må sette i gang fødselen. Dette er berre nokre eksempel på informasjon du får frå vår jordmor og fødselslege.

Spør oss!

Vi har også lagt opp til at dei frammøtte kan stille oss spørsmål dersom de lurer på noko. Vi vil gjere det vi kan for å svare på det du vil vite. Det viktigaste for oss er at du skal få eit godt og trygt møte med Fødeseksjonen når vi tek i mot deg og barnet ditt.

Hjarteleg velkommen til informasjonsmøtet vårt på KK!

Når og kor

Stad
Kvinneklinikken
  
Arrangør
Fødeseksjonen, Kvinneklinikken