ICD - Å leve med hjertestartar

Kurs, 4 gonger i året, Hjarteavdelinga, Lærings- og meistringssenteret

Kurset er for pasientar og deira pårørande.

Målsetjing

  • kunnskap om sjukdom og behandling
  • treffe andre i same situasjon
  • inspirasjon til meistring og sjølvhjelp ved livsstilsendring

 

Tid 2017

Kurset går over 2 dagar. Begge dagar kl 10.00 - 14.45.

1. og 2. februar
ICD-kurs_program februar 2017.pdf
5. og 6. april
6. og 7. juni

6. og 7. september
28. og 29. november

Pris

Eigenandel etter gjeldande takstar – kan skrivast i eigendelskortet. Gratis ved frikort. Pårørande gratis. Enkel lunsj inkludert. 

Avbestilling seinast 24 timer før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs krev sjukehuset ein eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort. 

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta på kurset treng du tilvising frå lege (pdf).

Haukeland universitetssjukehus
v/Dokumentasjonsavdelinga
5021 Bergen

Når og kor

Tid
4 gonger i året
Stad
Lærings- og meistringssenteret
v/innkjørsel til Haraldsplass sjukehus
 
Arrangør
Hjarteavdelinga, Lærings- og meistringssenteret
Opplæringsprogrammet er eit samarbeid mellom Hjerteavdelingen Haukeland universitetssjukehus, Landsforeningen for hjerte og lungesjuke ( LHL) ICD gruppen og Lærings og mestringssenteret i Bergen.  
Kontakt
For praktisk informasjon

Lærings- og mestringssenteret i Bergen, HUS
55 97 47 80 - e-post lms@helse-bergen.no
 


Reise-, kost- og overnattingsutgifter ved legetilviste kurs dekkes etter faste satsar mot ein eigendel. Pårørande kan få dekket kostnader dersom det står i tilvisning frå lege at pårørande skal delta. Reise må bestillast gjennom Pasientreisekontoret, tlf. 05515, www.pasientreiser.no: 

  • Send kopi av innkallingsbrev til Pasientreiser 
  • Ta kontakt med Pasientreiser etter noen dagar 
  • Avtal direkte med Pasientreiser korleis du skal reise/overnatte 

Ta vare på kvitteringar.