HELSENORGE

Høyrselskurs for foreldre til høyrselshemma barn

Kurset gir informasjon om høyrselstap, høyreapparat og høyrselstekniske hjelpemiddel. Du får møte representantar frå ulike faglege miljø og moglegheit til erfaringsutveksling med andre i same situasjon. Lokalet er tilrettelagt med teleslynge.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta


 

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

Gruppebasert opplæringstilbud.

Målgruppe

Kurset er for pårørande til barn med nedsett høyrsel og deira pårørande.

Kostnadar

Eigendel etter gjeldande takstar. Gratis ved frikort, og gratis for pårørande. Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort.

Servering

Kaffi, te og ein enkel lunsj er inkludert.

Påmelding

Du må ha tilvising frå eigen lege. Hugs å melde frå om spesielle behov. Påmeldingsfrist er 14 dagar før kursstart. Du får skriftleg bekrefting om plass.

Trykk deg inn på lenka under for påmeldingskjema og program:
2024_Program (PDF)

Innlegg ved

Lege, audiopedagog og brukarrepresentant. 



Presentasjoner

Presentasjon LMS Hørselskurs (PDF)

LMS_SAPT Hørselskurs (PDF)

NAV Hjelpemiddelsentral Vestland (PDF)

Fann du det du leita etter?