HELSENORGE

Hørselskurs

Kurset gir informasjon om høyrselstap, høyreapparat og høyrselstekniske hjelpemiddel. Du får møte representantar frå ulike faglege miljø og moglegheit til erfaringsutveksling med andre i same situasjon. Lokalet er tilrettelagt med teleslynge.

Målgruppe

Kurset er for pasienter og pårørande med nedsett høyrsel.

Kostnadar

Eigendel etter gjeldande takstar. Gratis ved frikort, og gratis for pårørande. Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort.

Servering

Kaffi, te og ein enkel lunsj er inkludert.

Påmelding

Du må ha tilvising frå eigen lege. Hugs å melde frå om spesielle behov. Påmeldingsfrist er 14 dagar før kursstart. Du får skriftleg bekrefting om plass.

Innlegg ved

Lege, audiopedagog og brukarrepresentant. 

Fann du det du leita etter?