Målgruppe
Kurset er for deg eller dere som opplever at kvardagen er endra på grunn av diagnosen hjernesvulst. Du kan vere ferdigbehandla, leve med hjernesvulst eller vere pårørande.
Kostnadar
Eigendel etter gjeldande takstar. Gratis ved frikort, og gratis for pårørande. Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort.
Servering
Kaffi, te og ein enkel lunsj er inkludert.
Påmelding
Du må ha tilvising frå eigen lege. Hugs å melde frå om spesielle behov. Påmeldingsfrist er 14 dager før kursstart. Du får skriftleg bekrefting om plass.
Innlegg ved
Lege, psykolog, sjukepleiar, brukarmedverkar og sosionom.
Presentasjonar
Parkering
Det er parkering mot betaling i Ulriksdal Helsepark og i parkeringshuset ved Haraldsplass Diakonale sjukehus