Hjartesjukdom - Rehabilitering

Kurs , 3 dagar i uken i 5 uker, parallelt er det undervisning og trening , Hjarterehabilitering, Hjarteavdelinga, Lærings- og meistringssenteret

Hjarterehabilitering 2A er for pasientar med gjennomgått hjarteinfarkt, angina pectoris.

Vi ønskjer deg velkomen til aktive og lærerike veker ved Hjarterehabiliteringa.

Vegen til eit betre liv

For deg som opplever akutt hjartesjukdom kan den første tida etter heimkomst vere vanskeleg å takle åleine. Mange treng hjelp til å kome attende til normal aktivitet. Korleis ein opplever akutt sjukdom avheng av mange faktorar: Til dømes kva for livssituasjon ein er i og tidlegare erfaring med sjukdom. I dag veit vi at kunnskap om og innsikt i eigen sjukdom, verkar positivt inn på korleis vi meistrar sjukdomen.

Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus har eit variert rehabiliteringstilbod som kan hjelpe deg å ta vare på eiga helse. Ved hjarterehabiliteringa møter du andre i same situasjon som du kan dele erfaringar med. Gjennom kurset får du informasjon gjennom undervisning, video, gruppesamtale og individuelle samtalar. Det vil også vere fysisk trening under rettleiing. Hjarteavdelinga si oppgåve er å gi deg råd, informasjon og rettleiing, men du må og sjølv vere aktiv i di eiga rehabilitering.


Mål med hjarterehabilitering

Hjarterehabilitering har som mål å gi deg auka kunnskap om hjartesjukdomen og kva du sjølv kan gjere for å unngå ny hending og at du skal oppleve tryggleik når du anstrenger deg fysisk.

Målet er å hjelpe deg til endring som har positiv innverknad på helsa di, og motivere deg til å halde fram endringane etter at du har avslutta programmet. Hjarterehabilitering kan oppretthalde og om mogleg betre funksjonsnivået ditt. Det handlar om å finne nye mogelegheiter og gjere det beste ut av situasjonen.

Tema for undervisninga

  • Risikofaktorar for hjartesjukdom
  • Ulike behandlingsformer
  • Kva er hjartevenleg kosthald?
  • Hjartemedisinar
  • Kjensler i samband med hjartesjukdom
  • Helseskadar ved røyking
  • Fysisk aktivitet og helse
  • Hjarte og samliv
  • Stress og meistring

Fagpersonell

Hos oss treff du ei tverrfagleg gruppe beståande av sjukepleiarar, fysioterapeut, klinisk ernæringsfysiolog og lege, og alle er spesialistar innan hjartesjukdom. Andre helsefaglege yrkesgrupper er med i enkelte delar av kurset.

Fysisk aktivitet

Aktivitetane blir leia av fysioterapeut i eigna treningsrom, bortsett frå intervalltrening som går føre seg utandørs. Treninga varer i omlag 60 minutt og blir tilpassa ditt funksjonsnivå.

Eit kurs for deg?

Hjarterehabilitering passar for deg som har:

  • hatt eit hjarteinfarkt
  • vore til PCI (utblokking)
  • angina pectoris
  • er bypass operert
  • er hjarte klaff operert

Det er inga øvre aldersgrense, men du bør ha eit visst fysisk funksjonsnivå for å delta.

Når kan du starte?

Dei som ikkje er hjerteoperert (bypass, hjerteklaff operert) kan starte  hjerterehabilitering innan 8 veker etter sjukehusopphaldet. Hjerteopererte må vente minst 8 veker. Hjarterehabiliteringsprogrammet går 3 dagar i veka i 12 veker (4 veker med undervisning og trening, 8 veker med  trening ) med mogelegheit for kortare forløp. Kva forløp du skal ha vert bestemt fyste dagen ved Hjerterehabiliteringen. Det er fortløpande inntak av nye deltakarar kvar måndag og tysdag når det er ledig kapasitet.

Ta med:

  • Gode sko
  • Lette treningsklede
  • Klede og sko til turgåing ute (tilpassa véret)

Kostnadar

Deltakarane betaler eigenandel på 345 kr for heile kurset.

 

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Påmelding: 

Ta kontakt med sjukepleiar eller lege på posten der du er
innlagt før du reiser heim frå sjukehuset. Lege vil då søkje deg til
hjarterehabiliteringa.

Hjarterehabiliteringa 55 97 35 40, hjerterehabiliteringen@helse-bergen.no

Du må ha tilvisning frå lege for å delta på kurset.

Tilvisninga sendes til:
Hjarterehabiliteringa
Møllendalsbakken 11
5009 Bergen.

Meld frå om spesielle behov. Vi arrangerer også jevnleg møter for pårørande.

Når og kor

Tid
3 dagar i uken i 5 uker, parallelt er det undervisning og trening
Klokkeslett
 
Stad
Møllendalsbakken 11
Hjarterehabiliteringa
 
Arrangør
Hjarterehabilitering, Lærings- og meistringssenteret, Hjarteavdelinga
Læringstilbodet er utviklet av Hjerteavdelingen i samarbeid med LHL Landsforeningen for hjerte- og lungesyke 
Kontakt
Anita Isaksen og Irene Drotningsvik, spesialsjukepleiarar i kardiologisk sjukepleie
E-post: hjerterehabiliteringen@helse-bergen.no 
Telefon: 55 97 35 40
Du treff oss best måndag - torsdag i tidsrommet:
08.00-09.00 og 14.00-15.00.
 

Reise-, kost- og overnattingsutgiftar ved legetilviste kurs dekkast etter faste satsar mot ein eigendel. Pårørande kan få dekt kostnadar dersom det står i tilvising frå lege at pårørande skal delta. Reise må bestillast gjennom Pasientreisekontoret, tlf. 05515, www.pasientreiser.no

• Send kopi av innkallingsbrev til Pasientreiser
• Ta kontakt med Pasientreiser etter noen dagar
• Avtal direkte med Pasientreiser korleis du skal reise/overnatte

Ved behov for taxi får du ein drosjerekvisisjon frå fastlegen og bestiller turen gjennom Pasientreiser.
Ta vare på kvitteringar. 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.