Helse- og omsorgstenestelova kap. 9

Kurs og kompetanseutvikling for helsepersonell, Bestillingskurs, Habiliteringsavdelinga for vaksne

Rettssikkerheit ved bruk av tvang og makt overfor enkelte personar med psykisk utviklingshemming.

Reglane om bruk av tvang og makt i Lov om helse- og omsorgstenester kapittel 9 skal førebygge og avgrense bruk av tvang og makt, og hindre at personar med psykisk utviklingshemming utset seg sjølv eller andre for vesentleg skade.

Innhald

  • Innføring i lovverk, forskrift og rundskriv
  • Aktuelle problemstillingar, fokus på alternative løysingar og godt miljøarbeid og refleksjon over eigen praksis

Målgruppe

Tenesteytarar til vaksne med utviklingshemming. Kurset er eigna for små og store grupper (15-50 deltakarar).

Varigheit

5 timar

Kursansvarlege

Beate Kristin Lilleheil, assisterande seksjonsleiar og vernepleiar
Olaug L. Laukeland, fagkonsulent og ergoterapeut

Pris

Fagleg innhald kr 9000,-

Praktisk informasjon

Lokal arrangør / bestillar har ansvar for praktisk tilrettelegging av kurset (kurslokale, påmelding, kaffi / te og lunsj).

Arrangør

Habiliteringsavdelinga for vaksne ved Haukeland universitetssjukehus

Kontakt

Førespurnad om bestilling kan sendast til postmottak.habilitering@helse-bergen.no


Tilbake til Kursoversikt - bestillingskurs

Når og kor

Tid
Bestillingskurs
Arrangør
Habiliteringsavdelinga for vaksne
 
Kontakt
Kontaktperson Marianne Nielsen
Telefon 55 53 50 10 / 55 53 50 00