Grunnkurs i tilrettelegging for Asperger syndrom/ASF i familien

Kurs, 24.05.2017, Spesialpoliklinikken

Korleis leggje til rette for ein enklare kvardag?

Dette kurset er nå fullt.

Kursetvil ha fokus på grunnleggande kunnskap om tilrettelegging, visuelle verktøy og andre pedagogiske reiskapar og metodar som kan brukast for å kompensere for nokre av personen sine vanskar i kvardagen. Vi ønskjer å gi mange praktiske eksempel på ulike hjelpemiddel/verktøy og metodar som kan vere til hjelp for å handtere desse utfordringane.
På kurset vil vi gi eksempel på anbefalte hjelpemiddel/ verktøy for god tilrettelegging for menneske med autismespekterforstyrringar. Vi ønskjerblant anna å vise korleis struktur og organisering kan gi barnet ein meir føreseieleg kvardag og oversikt, og skape auka sjølvstende og fleksibilitet.

Følgjene tema blir gjennomgått:

  • Forståing for vanskane
  • Organisering av tida ved hjelp av ulike verktøy; inkludert verktøy for å førebygge spillavhengighet
  • Forebygging skolevegring
  • Mat og måltid
  • Stress
  • Søsken
  • Jenter og autisme
  • Sensoriske vanskar

Enkel lunsj blir servert.

Dette kurset er nå fullt.

Kurskatalogen til Spesialpoliklinikken (pdf)

Når og kor

Dato
24.05.2017 
Klokkeslett
09:00-15:00 
Stad
Lærings- og meistringssenteret
  
Arrangør
Spesialpoliklinikken