Grunnkurs i Maritim medisin

Kurs , Norsk senter for maritim medisin

Grunnleggjande kurs for dei som vil bli sjømannslegar, og for andre som ynskjer ei grunnleggjande innføring i maritim medisin. Kurset gir også godkjenning som petroleumslege.

2018

  • Uke 22, 28. mai -1. juni
  • Uke 45, 5.-9. november

Grunnkurs i maritim medisin oppstod i 1999 ved Haakonsvern Orlogsstasjon, og vart overført til Norsk senter for maritim medisin frå 2008.

Kurset har etter kvart funne si form, og er blitt det grunnleggjande kurset for dei som vil bli sjømannslegar, som oppfrisking for dei som allereie er sjømannslegar, og for andre som ynskjer ei grunnleggjande innføring i maritim medisin. 

Kurset gir også godkjenning som petroleumslege sidan hausten 2011.

Kurset er søkt godkjent av Den norske legeforening med teljande timar/poeng som emnekurs/klinisk emnekurs/valfritt kurs for legar under spesialisering og for spesialistane si etterutdanning i SAMFUNNSMEDISIN 40 timer, ALLMENNMEDISIN 40 poeng og ARBEIDSMEDISIN 40 timar. Oppgitt timeantall er fra godkjenningen i 2017. Kurset vert arrangert to gonger i året i nært samarbeid med Saniteten i Sjøforsvaret og Forsvarets Sanitet. Vernepliktige legar har prioritet ved opptak til kurset.

Når og kor

Stad
Legenes hus i Bergen
Adresse:  Kalfarveien 37
 
Arrangør
Norsk senter for maritim medisin
 
Kontakt
Spørsmål kan rettast til Anne Gurd Lindrup: aeup@helse-bergen.no
 
Meir informasjon
Påmelding til kurset  
Målgruppe:
Helsepersonell og andre

Målsetting:
Å gje grunnleggjande kunnskap om maritim medisin til legar og anna helsepersonell, med spesielt fokus på å kvalifisera til godkjenning som sjømannslege og petroleumslege.

Kursprogram:

 

Kurstider 

 
Den første kursdagen startar opp med registrering frå kl. 08.00-09.00 

Forelesingane starter kl. 09.00-17.30 dag 1

Forelesingar dag 2, 3 og 4 frå kl. 08.00-17.30 

Forelesingar dag 5 frå kl. 08.00-14.15


Kursform:
Heimearbeid med innsending av ein førehandsprøve, forelesingar, kliniske kasusdiskusjonar i plenum, kursprøve.

Det er ein føresetnad for kurset at ein har sett seg inn i gjeldande regelverk før ein kjem til kurset. Ein må bestå førehandsprøve av typen «multiple choice» for å kunne ta del i undervisninga under frammøte-delen. Ein må også førebu seg på å leggja fram vurdering av tre kliniske kasus under kurset. Førehandsarbeidet er rekna til å ta cirka 18 timar.

Fagplan for kurset, kompendium, multiple choice test og førehandsoppgåver vert tilsendt på mail straks påmeldinga er motteken.

Dokumentasjon
"Textbook of maritime medicine" er lansert av NSMM våren 2010 i samarbeid med International Maritime Health Association. Den gir ei breiddeforståing for fagfeltet maritim medisin. Dette er den einaste læreboka i verda i maritim medisin utgjeven for helsepersonell.

 Handbook for seafarer medical examiners vart utgjeven i 2013. Den er tilgjengeleg på nettsidene til Norsk senter for maritim medisin. Den er skriven av professor Tim Carter ved NSMM, og gir råd om korleis sjømannslegeundersøkinga skal utførast. Boka er basert på dei nye internasjonale tilrådingane frå International Maritime Organization og International Labour organization gjennom ILO/IMO Guidelines on the medical examination of seafarers

Tal på plassar40
 
Kursavgift:
Kursavgift: Kursavgift kr  8.875,- + Dagpakke kr 625.-x5 = 3.125,-, totalt kr 12.000,-. Hotellopphald er ikkje inkludert i prisen.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.

Våre kurs

  • Grunnkurs for petroleumsleger

    Kurset er søkt godkjent av Helsedirektoratet og gir nødvendig kompetanse til å søke godkjenning som petroleumslege.

  • Grunnkurs for sjømannsleger

    Dette kurset er utviklet i samsvar med kompetansekravene for norsk godkjente sjømannsleger i samsvar med standardene satt av Sjøfartsdirektoratet.

  • Grunnkurs i Maritim medisin

    Grunnleggjande kurs for dei som vil bli sjømannslegar, og for andre som ynskjer ei grunnleggjande innføring i maritim medisin. Kurset gir også godkjenning som petroleumslege.

  • Resertifisering av petroleumsleger

    For å få fornyet godkjenning (resertifisering) som petroleumslege kreves det at petroleumslegen gjennomfører et obligatorisk oppdateringskurs og består eksamen.