Gjenklang

Kulturtilbud, 26.03.2020-28.03.2020, Bjørgvin distriktspsykiatriske senter

Bjørgvin DPS sin musikkfestival GJENKLANG blir utsett grunna Koronaviruset. Me kjem tilbake med ny dato etterkvart.

Musikk kling godt i sjela og gjev ulik gjenklang hjå ulike menneske." Dette seier musikkontakt og tidlegare musikkterapibrukar Jon Magne Karlsen Mangerøy, mannen bak Musikkterapifestivalen sitt nye namn Gjenklang.

dame synger og mann spiller gitar

Frå Musikkterapifestivalen 1-2-3 i 2018: Cafe Opera. (Foto: Rune Rolvsjord)

Festivalen har fått nytt namn

I brukar-spør-brukar-evalueringa av oppfølgingstilbodet MOT82 (Tuastad, L., Johansen, B. & Østerholt, A. L. , 2018) kom det fram at brukarane først og fremst ønskjer å framstå som musikarar på konsertane, i tillegg til at det ikkje er «spesielt kult» å invitere vener på ein musikkterapifestival.  Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS) arrangerte derfor ein namnekonkurranse i fjor haust, der dei inviterte brukarar av musikkterapi til å sende inn forslag til nytt namn på festivalen. Nærmare 50 forslag kom inn og festivalkomiteen kåra Mangerøy sitt forslag, Gjenklang, til det nye festivalnamnet.


Musikkterapi

Musikkterapi har vore del av behandlingstilbodet ved Bjørgvin DPS sidan 2000. Frå 2006-2015 arrangerte DPS-et Kulturveka, der interne og eksterne konsertar var del av programmet, i tillegg til kunstutstilling og workshops. Frå 2016-2019 vart Kulturveka komprimert til tre konsertdagar, under namnet Musikkterapifestivalen. Konsertarrangementa var tufta på tretrinnsmodellen, med 1) open scene inne på klinikk, 2) konsertar i ulike oppfølgingstilbod og 3) konsertar på scener «ute» i Bergen by (Lydvo Ø., 2017).

Her kan du høyre konsertopptak

4 personer som smiler

Gjenklangkomitéen

Gjenklang-komiteen består av brukarrepresentant, musikkterapeutar og anna helsepersonell.  At arrangementet no har brukarmedverknad har mellom anna ført til større medvit rundt val av konsertscener. Det har vist seg at dei som ønskjer å spele «ute» helst vil opptre på «vanlege» scener i byen, i staden for på tilrettelagte scener i oppfølgingstilbod. Komiteen har derfor gått bort i frå å tufte sceneval på tretrinnsmodellen, og arrangerer i staden to konsertar på profesjonelle scener i byen. I tillegg kjem Open scene,  ein internkonsert tilrettelagt for dei som ønskjer å opptre innanfor trygge rammer i gymsalen på Tertnes.

Meistringsarena

Målet for Gjenklang er å gje menneske med psykiske sjukdom ein meistringsarena der dei kan knyte helsefremjande konktaktar gjennom kulturdeltaking i lokalsamfunnet (Rolvsjord R., 2019). Bjørgvin DPS sin musikkfestival står for mangfald, motivasjon, meistring og sosial deltaking. Siste helga i mars vil altså musikk gje ulik gjenklang hos ulike menneske frå ulike artistar med ulik gjenklang frå musikkterapi på ulike konsertscener over Bergen by. Velkomen til Gjenklang 2020!

Program

Torsdag 26. mars: Open scene på Bjørgvin DPS
Fredag 27. mars: Akustisk konsert på Bar Barista
Laurdag 28. mars: Rockekonsert på Hulen 

Når og kor

Dato
26.03.2020-28.03.2020 
Klokkeslett
Stad
Tertnesveien 37
Bjørgvin DPS, Bar Barista og Hulen
 
Arrangør
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS)
 
Kontaktinformasjon
Musikkterapeut Øystein Lydvo
olyd@helse-bergen.no
 
Fann du det du leita etter?