Forum for klinisk fysiologi

Fagseminar, 09.01.2020-10.01.2020, Energisenteret for barn og unge

Forum for klinisk Fysiologi  inviterer til sin sekstande konferanse for første gong i Bergen på Energisenteret for barn og unge, Haukeland universitetssjukehus.
Konferansen er for deg som har interesse for klinisk fysiologi, anten du er lege, fysioterapeut, sjukepleiar, fysiolog, helse- og treningsrådgjevar, eller har ei brennande interesse for korleis kroppen fungerer.

I sjukehussamanheng er Energisenteret for barn og unge eit pioner-prosjekt både nasjonalt og internasjonalt. Her er fysisk aktivitet og trening en viktig del av behandlinga, med tilgang på basseng, gymnastikksal, styrkerom, testlaboratorium og VR-rom. Som deltakar på konferansen får du oppleve desse tilboda. 

Førelesarane kjem frå inn- og utland og har solid kompetanse innan klinisk fysiologi.

Foredraga blir følgd opp med kasuistikkar. Faglege diskusjonar har vore eit særpreg for våre konferansar og vi oppmodar våre deltakarar til å engasjere seg i diskusjonane. 

Program

PROGRAM

Torsdag 9. og fredag 10. januar 2020

TORSDAG 

Møteleiarar: Morten Nissen Melsom og Trine Karlsen
09.30 - 10.00 

Registrering m/kaffi og frukt
10.05 - 10.15 
Velkommen - v/Asle Hirth, Lars Peder Bovim og Malene Joensen

10.20 – 10.50 
Basalforedrag/Kasuistikk - Introduksjon til CPET – indikasjon/kontraindikasjon, gjennomføring og tolking. Verktøy, kasuistikkar og gruppearbeid. v/ Elisabeth Edvardsen, idrettsfysiolog, PhD (Norges Idrettshøyskole) og Asle Hirth, seksjonsoverlege, PhD (Haukeland universitetssjukehus)
10.55 – 11.10
 Pause m/frukt
11.15 – 12.00
 Forts. Introduksjon til CPET – gjennomgang av CPET hos barn (kasuistikk).
12.00 - 13.00 
Lunsj
Fysiologi; sirkulasjon, ventilasjon og gassutveksling i spesielle pasientpopulasjoner
Møteleiarar: Elisabeth Edvardsen og Jonny Hisdal
13.00 – 13.25 
Inspiratory Laryngeal Obstruction v/Hege Clemm, overlege, postdoc (Haukeland universitetssjukehus)
13.30 – 13.55
CPET med trykkmåling i strupen v/Zoe F. Kelly, stipendiat (Norges miljø- og biovitenskapelige universitet)
14.00 – 14.25
Basalforedrag – Dynamisk hyperinflasjon – med og utan oksygen v/Anne Edvardsen, fysiolog/spesialbioingeniør, PhD (Landsforeningen for hjerte og lungesyke)
14.30 – 14.45
 Pause med kaffi og frukt
14.50 – 15.20
Dysfunctional Breathing v/John Dickinson, MD, PhD (University of Kent)
15.25 – 15.55 
Abstract x2
16.00 – 16.25 
Forflytting til testlab/pause med kaffi og frukt/brødblingsar Praktiske demonstrasjonar i laboratoriet
16.30 - 18.00
Hjarte – sykkel stressekkokardiografi hos hjartepasient v/Einar Skulstad Davidsen, overlege, PhD. (Haukeland Universitetssykehus) Lunge – ILO pasient, Hege Clemm, overlege, postdoc (Haukeland universitetssjukehus)
20.00
Festmiddag
FREDAG 
07.30-08.30Morgonbad i svømmehallen til Energisenteret for barn og unge
Møteleiarar: Asle Hirth og Anne Edvardsen
09.00 – 09.55Gjennomgang og tolking av torsdagens testar v/Hege Clemm, overlege, postdoc (Haukeland universitetssykehus) og Einar Skulstad Davidsen, overlege, PhD (Haukeland universitetsjukehus)
10.00 – 10.25 Basal foredrag – Lunge- og hjartefysiologi hos respiratorpasienter v/Gunhild Holmaas, overlege (Haukeland universitetssjukehus)
10.30 – 10.45 Pause med kaffi og frukt
Møteleiarar: Trine Stensrud og Inger Ariansen
10.45 – 11.00Parautøverane og CPET v/Julia Baumgart, fysioterapeut, Post doc (Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet og Olympiatoppen)
11.05 – 11.20CPET hos personar med ryggmargsskade v/Lene Carine Vik, treningsrettleiar, Ms (Sunnås sykehus)
11.25 – 11.40 Case
11.45 – 12.05 Abstrakt x2
12.10 - 12.55 Lunsj
Møteleiarar: Siri Holm Solberg og Einar Thorsen
13.00 – 13.30 Høgdetrening v/Carsten Lundby, professor (Høgskolen i Innlandet)
13.35 – 13.50 Effekt av ernæringstilskot med marine protein på restitusjon hos trente syklistar v/Ingunn Mjøs, spesialfysioterapeut og MSc (Haukeland universitetssjukehus)
13.55 – 14.10 Pause med frukt
14.15 – 14.30Betyding av sittestilling på sykkel for ventilasjon v/Ola Drange Røksund, professor (Høgskolen på Vestlandet og Haukeland universitetssjukehus) og Håkon Kvidaland, fysioterapeut
14.35 – 14.55 Basalforedrag – Overtrening v/Gøran Paulsen, førsteamanuensis (Norges Idrettshøyskole og Olympiatoppen)
15.00 - 15.30 Avslutning med premie til beste abstrakt, evaluering av læringsmål, og plan for møte neste år.


 
Festmiddag torsdag kveld kl. 20

Etter en lang dag med fagleg påfyll er det viktig å ha det hyggeleg saman over ein god middag, og få moglegheit til å utvide eigne nettverk. Middagen blir på Kalfaret Brygghus som har ei spesiell historie. Adresse: Kalfareveien 76.

Morgenbad fredag 

Fredag kan du starte med eit morgonbad i bassenget til Energisenteret for barn og unge, som denne morgonen er reservert for deltakarane på konferansen. Bassenget er eit av dei flottaste i landet og bør opplevast.

Overnatting

Vi har fått gunstige prisar på overnatting i gode hotell sentralt i Bergen.

Godkjenning

Det ligg søknad inne hos Legeforeningen for godkjenning av seminaret.


Vi håper å sjå deg i Bergen den 9 og 10.januar 2020!
På vegne av "Norsk forening for lungemedisin" som står bak "Forum for klinisk Fysiologi" 

Early bird pris før 15. oktober 2019.


Når og kor

Dato
09.01.2020-10.01.2020 
Klokkeslett
09:30-15:30
Stad
Glasblokkene
Auditoriet i Glasblokkene.
 
Arrangør
Energisenteret for barn og unge
 
Kontaktinformasjon
Kongress & Kultur 
Salome Keenleyside 
Booking Manager / Bookingleder
Epost: post@kongress.no
 
Meir informasjon
Påmelding  
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.