Forskingsdag på Kvinneklinikken

Fagdag, 26.03.2020, Kvinneklinikken

Velkommen til tidenes første kvinnehelseforskingsdag på Kvinneklinikken torsdag 26. mars!

26. mars arrangerer KK, i samarbeid med UiB, sin eigen forskingsdag. Fødselshjelp og kvinnesjukdommar engasjerer bredt og vi ønskjer å fortelje alle interesserte om kva vi forskar på, kvifor, kva resultata seier og korleis vi brukar ny kunnskap. 

Vi kan lokke med nokon av landets dyktigaste kvinnehelseforskarar, og tør påstå at du ikkje bør gå glipp av å høyre på dei spennande og aktuelle debattantane i panelet vi jobbar med å setje saman.

Første halvdel av programmet vil vere retta mot fagmiljø og andre forskarar (kl. 14-16). Andre halvdel av arrangementet er ope for alle med korte publikumsvennlege presentasjonar, før vi avsluttar med paneldebatt om forsking og kvinnehelse (kl. 17-19).

Detaljene i programmet er ikkje heilt spikra endå, men blir oppdatert på denne sida så snart det er klart.

Det blir enkel servering

Kvinneklinikken_hovudinngang.jpg

KK inngang

Når og kor

Dato
26.03.2020 
Klokkeslett
14:00-19:00 (mingling & mat kl. 16–17.00)
Stad
Kvinneklinikken
4. et. Auditoriet Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus
 
Arrangør
Kvinneklinikken
 
Medarrangør

Arrangerast av forskarmiljøet på Kvinneklinikken, i tett samarbeid med Universitetet i Bergen

Kontaktinformasjon
Meir utfyllande program kjem snart, men du kan allereie melde deg på her: https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=7928880
 
Fann du det du leita etter?