Fagdag om tuberkulose

Kurs og kompetanseutvikling for helsepersonell

Ny trussel-gamal sjukdom

Stad: Haukeland universitetssjukehus, Bikuben 
Starter 09.02.2017 kl. 08:30 
Slutter 09.02.2017 kl. 15:30
  

Velkommen til Fagdag om tuberkulose: Ny trussel – gammal sjukdom

Fagdagen er i regi av Tuberkulosepoliklinikken, Lungeavdelinga, Haukeland universitetssjukehus.

Målgrupper er smittevernlegar, fastlegar, sjukehuslegar, helsesøstre, legevakttenesta og sjukepleiarar i kommune- og spesialisthelsetenesta.

Målet med fagdagen er mellom anna å styrke samarbeidet mellom kommune- og spesialisthelsetenesten i tuberkulosearbeidet.

Fagdagen er søkt godkjent som teljande kurstimar for legar.

Program

På 1900 talet var tuberkulose eit alvorleg folkehelseproblem i Norge.
I 2016 er tuberkulose framleis høgst aktuelt, med 1,8 millioner døde på verdensbasis i 2015. Norge er forplikta til å screene risikogrupper for tuberkulose, stille diagnose, behandle dei sjuke og utføre smitteoppsporing, jfr forskrift om tuberkulosekontroll. Ressursane som vi i dag brukar på denne tilstanden er ei påminning om at Norge er ein del av det globale tuberkulosearbeidet, og det er framleis behov for kunnskap om tuberkulose i alle deler av helsevesenet.

Det største arbeidet med tuberkulose i Norge er ikkje sjølve behandlinga av personar med tuberkulose, men heller å utelukke tilstanden hos personar med auka sjukdomsrisiko. I praksis betyr dette screening av eit stort antal personar som kjem til landet kvart år. Særleg viktig har dette arbeidet vore det siste året.
 
Smittevernlegar i samarbeid med helsesøstre i kommunane spelar ei sentral rolle i arbeidet med tuberkulosescreening. I tillegg har den enkelte fastlege ei viktig rolle innan tuberkulosearbeidet.
Fagdagen vil være ein god arena for utveksling av kunnskap og erfaring om tuberkulose, på tvers av primær- og spesialisthelsetjenesten.
 
Kursavgift: 300 kr
Påmelding: https://www.deltager.no/fagdag_tuberkulose_09022017


Påmeldingsfrist: 09.01.2017 


Nettside: https://www.deltager.no/fagdag_tuberkulose_09022017 

Når og kor


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.