Epilepsikurs for ungdom

Kurs , 2 gonger i året , Nevrologisk avdeling, Nevroklinikken, Lærings- og meistringssenteret, Nevrologisk post 3, Nevropoliklinikk

Kurset er for ungdom med epilepsi og deira pårørande.

Målsetjing

  • Få kunnskap som skal bidra til økt tryggleik og meistring i kvardagen
  • Få informasjon og støtte til å utføre eigne valg
  • Dialog med representantar frå ulike faggrupper
  • Høve til å møte andre i samme situasjon

Kurset har fokus på følgande tema

Fakta om epilepsi, behandling, kognitive utfordringar, sjølvhjelp, familie og meistring. Kurset gir høve til dialog og samtale med fagpersonar og moglegheit til å utveksle erfaringar med andre i samme situasjon.

Tid 2017

30. og 31. mars kl. 09.00 - 15.00 begge dagar.
30. og 31. oktober kl. 09.00 - 15.00 begge dagar.Informasjon Epilepsi ungdom kurs høst 2017.pdf

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta på kurset treng du tilvisning frå eigen lege

Pårørande oppfordrast til å delta – dette må førast i samme tilvising.

Tilvisinga sendast til:
Helse Bergen
Haukeland universitetssjukehus
Nevrologen post 3 v/Katrin Begall
Postboks 1400
5021 Bergen

Merk konvolutten med namn på kurset.

Ved evt. behov for sjukemelding må du kontakte fastlegen din. Du vil motta bekreftelse på tildelt plass. Det takast atterhald om tilstrekkeleg antall påmeldte.

Avbestilling seinast 24 timer før kurs. Dersom du ikkje møtar til avtalt kurs, krev sjukehuset eigendel etter gjeldande satsar. Dette gjeld også om du har frikort.

Når og kor

Tid
2 gonger i året
Klokkeslett
 
Stad
Lærings- og meistringssenteret
v/innkjørsel til Haraldsplass sjukehus
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret, Nevropoliklinikk, Nevrologisk post 3, Nevrologisk avdeling, Nevroklinikken
Læringstilbudet er utviklet av Nevrologisk avdeling Haukeland universitetssykehus i samarbeid med Norsk epilepsiforbunds ungdom og Lærings- og meistringssenteret i Bergen. 
Kontakt
Kontaktperson Nevrologisk avdeling
Katrin Begall
55 97 50 30

For praktisk informasjon
Lærings- og meistringssenteret i Bergen, HUS
55 97 47 80
lms@helse-bergen.no
 

Reise-, kost- og overnattingsutgifter til legetilviste kurs ved Lærings- og meistringssenter, dekkast etter faste satsar mot ein eigendel. Reise må bestillast gjennom Pasientreisekontoret, tlf. 05515, www.pasientreiser.no, snarest mogleg etter innkalling. Ta vare på kvitteringar.


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.