Diabetes 2

Kurs, To kursdager, begge dager kl. 08.30-15.00, Medisinsk avdeling, Lærings- og meistringssenteret

Kurset er for pasientar med Type 2-diabetes med ulike behandlingstypar (kostregulert, tablettar, insulin) og deira pårørande.

Målsetjing

  • kunnskap om sjukdom og behandling 
  • kunnskap om riktig ernæring 
  • introduksjon til fysisk aktivitet 
  • treffe andre i same situasjon 
  • inspirasjon til meistring og sjølvhjelp ved livsstilsendring Diabetes type 2 startkurs program.pdf

 

Tid 2017

  • 3. og 17. januar 2017
  • 7. og 14. februar 2017
  • 7. og 28. mars 2017
  • 18. og 25. april 2017
  • 16. og 23. mai 2017
  • 6. og 13.  juni 2017
  • 5. og 12. september 2017
  • 29. september og 6. oktober 2017
  • 10. og 17. oktober 2017
  • 7. og 14. november 2017
  • 5. og 12. desember 2017

 

Pris 

Eigenandel etter gjeldande takstar – kan skrivast i eigendelskortet. Gratis ved frikort. Pårørande gratis. Enkel lunsj inkludert. 

Avbestilling seinast 24 timer før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs krev sjukehuset ein eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort. 

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

Påmelding 

Du må ha tilvisning frå eigen lege og påmelding per e-post eller telefon for å delta på kurset. 
 
Påmelding gjør du sjølv på e-post opplaering@helse-bergen.no eller på telefon 55973013, snarast mulig etter at brev om kurs er mottatt. Meld frå om spesielle behov og om du er pasient eller pårørande. Du vil få bekrefta plass på kurs.
 
Pårørande trenger ikkje tilvisning. Gi beskjed til fastlegen ved behov for sjukemelding.

Tilvisning frå fastlege sendast 

Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Bergen
Ulriksdal 2
5009 Bergen
Merk konvolutten "Kurs Diabetes 2". 
 
Med atterhald om plass på ønska dato, og tilstrekkeleg påmeldte. Det kan blir endringar i programmet. 

Når og kor

Tid
To kursdager, begge dager kl. 08.30-15.00
Stad
Lærings- og meistringssenteret
v/Innkjørsel til Haraldsplass sjukehus
 
Arrangør
Medisinsk avdeling, Lærings- og meistringssenteret
 
Kontakt
For praktisk informasjon
Lærings- og mestringssenteret i Bergen, HUS
55 97 47 80
lms@helse-bergen.no
 

Reise-, kost- og overnattingsutgifter 

Legetilviste kurs dekkes etter faste satsar mot ein eigendel. Pårørande kan få dekket kostnader dersom det står i tilvisning frå lege at pårørande skal delta. Reise må bestillast gjennom Pasientreisekontoret, tlf. 05515, www.pasientreiser.no

  • Send kopi av innkallingsbrev til Pasientreiser 
  • Ta kontakt med Pasientreiser etter noen dagar 
  • Avtal direkte med Pasientreiser korleis du skal reise/overnatte

Ved behov for taxi får du ein drosjerekvisisjon frå fastlegen og bestiller turen gjennom Pasientreiser. Ta vare på kvitteringar.