Målgruppe
Kurset er for deg som nyleg har fått diagnosen cøliaki i tillegg til deg som har levd med diagnosen ein stund og treng oppdatering. Pårørande er velkommen til å delta.
Kostnader
Eigendel etter gjeldande takstar. Gratis ved frikort, og gratis for pårørande. Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort.
Servering
Kaffi, te og ein enkel lunsj er inkludert.
Påmelding
Du må ha tilvising frå eigen lege. Hugs å melde frå om spesielle behov. Pårørande blir oppfordra til å delta. Du vil motta skriftleg bekrefting om plass.
Innlegg ved
Lege, ernæringsfysiolog, brukarmedverkar og psykiatar.
Parkering
Det er mogleg å parkere mot betaling i Ulriksdal Helsepark og i parkeringsanlegget ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus