Cochlea Implantat

Kurs, Ein gong i året, Øyre-nase-halsavdelinga, Lærings- og meistringssenteret

Kurset er for pasientar som har gjennomført operasjon med Cochlea Implantat hos oss og ein nærperson.

Målsetjing

  • fagkunnskap og brukarerfaringar som kan skape tryggleik og realistiske forventningar 
  • hjelp til sjølvhjelp i utvikling av ny høyrsel etter operasjonen 
  • treffe tidlegare CI-opererte og høyre deira erfaringar 

Pris 

Eigendel etter gjeldande takstar kan skrivast i eigendelskortet til pasienten. Gratis ved frikort. Pårørande gratis. Enkel lunsj inkludert.

Tid 2017

30. november kl. 09.00 - 15.00.

Kurslokalet er tilrettelagt med teleslynge. Meld frå om behov for skrive- eller tegnspråktolk. 

Læringsmetodar 

Foredrag; samtale i grupper; erfaringsutveksling; dialog med fagfolk.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Påmelding

Du må ha tilvisning frå eigen lege og påmelding per e-post eller telefon for å delta på kurset. 

Tilvisingsskjema (pdf)


Tilvisning sendast til
ØNH/Høresentralen 
v/Magda Lothe, 
Haukeland universitetssjukehus, 
5021 BERGEN

Påmeldingsfrist 14 dagar før kursstart. 

Når og kor

Tid
Ein gong i året
Stad
Lærings- og meistringssenteret
  
Arrangør
Øyre-nase-halsavdelinga, Lærings- og meistringssenteret
Tilbodet er utvikla i samarbeid med Haukeland universitetssjukehus, ØNH/Høresentralen, Rådgivningskontor for hørselshemmede i Bergen, Hørselshemmedes Landsforbund HLF Hordaland, Bergen Døvesenter, NAV arbeid, Hjelpemiddelsentralen og Statped Vest, i sama 
Kontakt
For praktisk informasjon

Lærings- og mestringssenteret i Bergen, HUS
55 97 47 80 - e-post lms@helse-bergen.no  
 

Reise-, kost- og overnattingsutgifter

Legetilviste kurs ved Lærings- og meistringssenteret, blir dekte etter faste satser mot ein eigendel. Pårørande kan få dekt kostnader dersom det står i tilvising frå lege at pårørande skal delta. 

Reise må ein bestille gjennom Pasientreisekontoret på telefon 05515

  • Send kopi av innkallingsbrev til Pasientreiser 
  • Ta kontakt med Pasientreiser etter nokre dagar 
  • Avtal direkte med Pasientreiser korleis du skal reise/overnatte

www.pasientreiser.no 

Ved behov for taxi får du ein drosjerekvisisjon frå fastlegen og bestiller turen gjennom Pasientreiser. 

Ta vare på kvitteringar.