Bordtennisskole med Tommy Urhaug
Alle barn og unge med funksjonsnedsetting er velkomne til å delta. Du treng ikkje vere god i bordtennis for å trene her. Meininga er at du skal få lære etter kvart og treninga blir tilpassa kvar enkelt. Vi som trenar i Energisenteret legg vekt på at vi skal ha det kjekt i lag og bli kjente med kvarandre. Treninga passar for alle mellom 7-18 år.
Aldersgrensene er ikkje absolutt. Vi er fleksible og det vil basere seg litt på kor mange som til ein kvar tid er påmeldt.
Aktiviteten er gratis. Påmelding sendes på mail til Tommy Urhaug.