Meir informasjon
Alle barn og unge med funksjonsnedsetting er velkomne til Energisenteret for å spele bordtennis med Tommy Urhaug. Du treng ikkje vere god i bordtennis for å trene her. Meininga er at du skal få lære etter kvart og treninga blir tilpassa kvar enkelt. Vi som trenar i Energisenteret legg vekt på at vi skal ha det kjekt i lag og bli kjente med kvarandre.
Kurset er gratis. Reisa til og frå Energisenteret må du stå for sjølv.
Vi har utstyret som du treng, så det får du låne av oss. Treninga passar for alle mellom 7-18 år.
Aldersgrensene er ikkje absolutt. Vi er fleksible og det vil basere seg litt på kor mange som til ein kvar tid er påmeldt.
Dersom det syner seg at du likar bordtennis kan vi også sette deg i kontakt med ein bordtennisklubb i ditt nærområde.
Instruktørar
Hovudtrenar: Tommy Urhaug (Paralympisk-, Verdens- og Europamester i Bordtennis)
Trenarassistent: Brage Æsøy Titlestad
Påmelding
Send ein e-post til Tommy Urhaug på urha@online.no for å melde deg på.