Bekhterev (Spondyloatritt)

Kurs, 2 gonger i året, Revmatologisk avdeling, Lærings- og meistringssenteret

Kurset er for personar som har fått Spondyloatritt-diagnosen hos ein spesialist i revmatologi. Pårørande er velkomne til å delta.

Målsetjing

  • Gjennom undervisning og erfaringsutveksling auke kunnskapen om sjukdom og betre føresetnaden for å leve med sjukdommen i kvardagen. 
  • Dialog med helsepersonell frå sjukehuset. 
  • Møte andre i same situasjon.


Tid 2017 - Kurset går over to dagar


9. og 10. februar kl. 09.00 - 15.00 begge dagar.
11. og 12. desember kl. 09.00 - 15.00
 

Pris   

Eigendel etter gjeldande takstar (skal skrivast på eigendelskortet. Gratis ved frikort). Pårørande gratis. Ein enkel lunsj er inkludert.

Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, krev sjukehuset ein eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort.  

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

Påmelding 

For å delta på kurset treng du tilvising frå lege. Meld frå om spesielle behov. Pårørande blir oppfordra til å delta. Dersom du har behov for å ha nokon med deg skal dette stå i tilvisinga.
Tilvising til lærings- og meistringskurs (pdf) 
 
For å kunne delta på kurset, må man ha henvisning fra lege. Henvisningen sendes til: 
Revmatologisk avdeling 
Haukeland universitetssykehus 
5021 Bergen
Merk henvisningen med "Leddgikt RA"

For ytterligere opplysninger, ta gjerne kontakt med 
Jane Trengereid, 55 97 54 00
jane.trengereid@helse-bergen.no
Du vil få stadfesting på tildelt plass. 

Når og kor

Tid
2 gonger i året
Stad
Lærings- og meistringssenteret
  
Arrangør
Revmatologisk avdeling, Lærings- og meistringssenteret
Læringstilbodet er utvikla av Revmatologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus og Norsk Revmatikerforbund i samarbeid med LMS i Bergen.  
Kontakt
For praktisk informasjon
Lærings- og mestringssenteret i Bergen, HUS
55 97 47 80
lms@helse-bergen.no 
 

Reise-, kost- og overnattingsutgifter 

Legetilviste kurs blir dekka etter faste satsar mot ein eigendel. Pårørande kan få dekka kostnader dersom det står i tilvisning frå lege at pårørande skal delta. 

Reise må bestillast gjennom Pasientreisekontoret, tlf. 05515  www.pasientreiser.no:

  • Ta kontakt med Pasientreiser etter nokre dagar 

Ved behov for taxi får du ein drosjerekvisisjon frå fastlegen og bestiller turen gjennom Pasientreiser. Ta vare på kvitteringar.