Bading med Touretteforeningen
Tilbudet er for medlemmar av Norsk Tourette Forening, Vestland Fylkeslag og deira familiar. Det er ingen aldersgrense, men alle under 12 år og dei som ikkje er symjedyktige, må ha med seg ein vaksen. Det er maksimalt tre born per vaksen.
Du må betale 20 kr i eigendel kvar gong. Eigendelen betalar du via VIPPS til #690470. Merk betalinga med "Kom og svøm". Ved ankomst må du vise at du har betalt.
Meld deg på til vestland@ntf-fylke.no eller til telefonnummer 95 07 43 01 seinast to dagar før.
Dersom du ikkje finn fram kan du ringe badevert på telefon 55 97 12 45. Telefonen er bemanna 15 min før aktiviteten startar.