HELSENORGE

Bading med Cerebral Parese-foreningen

Cerebral Parese-foreningen nyttar bassenglokala i Energisenteret annakvar tysdag.

Kven passar tilbodet for? Medlemmar av CP-foreningen med følge. 

Kva type aktivitet er dette? Fri aktivitet i basseng. 

Kostar det noko? 
Klippekort på 10 klipp kostar 600 kr. Drop-in kostar 80 kroner. 
Du kjøper kort hos badeverten på Energisenteret, og får faktura sendt til deg i etterkant. 

Må eg melde meg på?  
Det er ikkje behov for å melde seg på til aktiviteten. 

Er det aktivitet i skuleferiar og på raude dagar?  
Cerebral Parese-foreningen fylgjer aktivitetskalenderen som er skildra under punktet "Når?", også i feriar og på raude dagar. 

Kven kontaktar eg dersom eg har spørmål?
Du kan k
ontakte Cerebral Pareseforeningen v/Alexander Sviggum på 413 39 384 dersom du har spørsmål om tilbodet. 

Dersom du ikkje finn fram kan du ringe badevert på tlf. 55971245. Telefonen er bemanna 15 min før aktiviteten startar. 

Bli betre kjend med Cerebral Parese-foreningen


Fann du det du leita etter?