HELSENORGE

Bading med Autismeforeningen

Autismeforeningen Hordaland lokallag har aktivitet i bassenget kvar mandag og i klatreveggen mandagar i partallsveker.

Bading

Når?
Kvar mandag frå kl. 17.00-20.00

Kvar? 
I bassenget på Energisenteret. 

Kven passar tilbodet for? 
Medlemmar i Autismeforeningen. Det er ingen aldersbegrensing. 
Vi er delt opp i seks grupper (etter alder og behov for tilrettelegging) som bytter på å bade annankvar mandag. 
Alle som er under 12 år, og dei som ikkje er symjedyktige, må ha fylgje i bassenget av ein vaksen over 18 år. 

Kva type aktivitet er dette? 
Fri aktivitet i basseng. 

Kostar det noko?
Det kostar 400 kr i semesterer. Du betaler når du melder deg på.

Må eg melde meg på? 
Du melder deg på via link på nettsida eller facebooksida til Autismeforeningen i starten av semesteret. Medlemmer får tilsendt mail med informasjon når påmeldinga åpnar.

Er det aktivitet i skuleferiar og på raude dagar?  
Som hovudregel er det ikkje bading mandagar som fell i skuleferiar eller på raude dagar.

Anna viktig informasjon: 
Autismeforeningen sender ut liste over fordeling av garderober når påmeldingsfristen er gått ut. Dei vil etterstebe at medlemmer som har behov for eiga garderobe, får moglegheita for det. 

Kven kontaktar eg dersom eg har spørmål?
Du kan kontakte Autismeforeningen per mail: hordaland@autismeforeningen.no, eller per telefon 095 13 434. 

Klatring

Når? 
Mandagar i oddetallsveker frå kl. 17.00-18.00

Kvar? 
Gymsalen på Energisenteret

Kven passar tilbodet for? 
Medlemmar i Autismeforeningen. 

Kva type aktivitet er dette? 
Klatring i klatrevegg med instruktør.

Må eg melde meg på? 
Du melder deg på via link på nettsida eller facebooksida til Autismeforeningen i starten av semesteret. Medlemmer får tilsendt mail med informasjon når påmeldinga åpnar.

Kostar det noko?
Det kostar 400 kr i semesterer. Du betaler når du melder deg på. 

Kva med feriar og raude dagar? 
Som hovudregel er det ikkje bading mandagar som fell i skuleferiar eller på raude dagar.

Kven kontaktar eg dersom eg har spørmål?
Du kan kontakte Autismeforeningen per mail: hordaland@autismeforeningen.no, eller per telefon 905 13 434. 

Dersom du ikkje finn fram kan du ringe badevert på tlf. 55971245. Telefonen er bemanna 15 min før aktiviteten startar. 

Bli betre kjend med Autismeforeningen

Fann du det du leita etter?