Autismespekterforstyrringar grunnkurs

Kurs, 09.06.2017, Spesialpoliklinikken, Psykisk helsevern for barn og unge

Diagnose og forståing av barnet sine vanskar. Kurset er for foreldre / føresatte.

Barn med autismespektrumsforstyrringar har ulike vanskar med å forstå og oppfatte på same måte som andre. Dette har samanheng med deira vanskar knytt til sosial kompetanse og kommunikasjon.

Barn med autisme har også sine sosiale og kommunikative moglegheiter for forståing. Kvardagen kan ofte vere prega av misforståingar og konfliktar som skuldast at barna tenkjer og oppfattar annleis enn andre.

Kurset vil gi grunnleggande kunnskap om diagnose og forståing av barnets vanskar. Det vil også bli gitt orientering om lover og støtteordningar ved representant frå NAV. Autismeforeining (brukarorganisasjon) vil gi informasjon om deira tilbod.

Kursansvarlege
Psykologspesialist Elin Antoniussen 
Fagkonsulent Annie Louise Mathisen

Påmeldingsfrist 06.06.2017

Påmelding til kurset

Når og kor

Dato
09.06.2017 
Klokkeslett
09:00-15:00 
Stad
Lærings- og meistringssenteret
4. etasje
 
Arrangør
Psykisk helsevern for barn og unge (PBU), Spesialpoliklinikken
 
Kontakt
Fagkonsulent Marit Neteland Bjerkan, 55974453