Asperger syndrom

Kurs, Vår og høst, Psykisk helsevern for barn og unge, Lærings- og meistringssenteret

Asperger syndrom/høgt fungerande autisme i familien? Korleis leggje til rette for ein enklare kvardag? For foreldre/ føresette.
Kurset vil ha fokus på grunnleggande kunnskap om tilrettelegging, visuelle verktøy og andre pedagogiske reiskapar og metodar som kan brukast for å kompensere for nokre av barnet sine vanskar i kvardagen. Vi ønskjer å gi mange praktiske eksempel på ulike hjelpemiddel/verktøy og metodar som kan vere til hjelp for å handtere desse utfordringane.

På kurset vil vi gi eksempel på anbefalte hjelpemiddel/ verktøy for god tilrettelegging for menneske med autismespekterforstyrringar. Vi ønskjer blant anna å vise korleis struktur og organisering kan gi barnet ein meir føreseieleg kvardag og oversikt, og skape auka sjølvstende og fleksibilitet.

Vi ønskjer også å gi eksempel på metodiske tilnærmingar/ strategiar som vil fremme og stimulere kommunikasjon, sosial utvikling og førebyggje utfordrande åtferd. 

Pris kr. 100,-

For kontakt angåande kurskatalog, send e-post til:

Når og kor

Tid
Vår og høst
Stad
Lærings- og meistringssenteret
  
Arrangør
Psykisk helsevern for barn og unge (PBU), Lærings- og meistringssenteret