Meir informasjon
Alle skal med" er eit aktivitetstilbod til born og unge i alderen 12-18 år som er tilknytta kommune- eller spesialisthelsetenesten, og som ikkje har eit passande aktivitetstilbod i sitt nærmiljø, men som har stor nytte og glede av tilpassa fysisk aktivitet i basseng.
Det er ikkje lagt opp til eit bestemt aktivitetsopplegg, men instruktørane vil kunne gå inn og hjelpe med svømmeopplæring eller organisere leikbaserte aktivitetar dersom deltakarane ynskjer dette.
Det er ynskjeleg at deltakarar som ikkje kan symje eller som treng mykje tilrettelegging har med seg fylgje i basseng og garderobe.
Påmelding
Påmelding ved SMS til 406 24 861 seinast kl. 12.00 fredagen før aktuell aktivitetsøkt.