Langvarige sjukdommar og skadar kan medføre redusert kapasitet. Dette gir behov for endringar i livsstil, prioriteringar, vanar, rutinar, tankemønster etc. for å kunne mestre viktige og meiningsfulle aktivitetar i kvardagen.
Aktivitetsregulering handler om at ein skal bli bevisst sine noverande tanke- og aktivitetsmønster, og deretter ta i bruk ulike strategiar som kan bidra til å mestre viktige og meiningsfulle aktivitetar i eigen kvardag.
I kognitiv terapi/tilnærming jobbar ein med å sjå samanheng mellom tankar, følelsar, handling/adferd og kropp. Mange er lite bevisst på sine tankar, men kjenner effekten dei har. Å snu negative tankar til meir støttande og venlege tankar er viktig i ein endringsprosess.
På kurset vil du lære verktøy og strategiar som du kan bruke både i bevisstgjeringsarbeid og i endringsarbeid i møte med menneske med begrensa kapasitet. Du vil også lære om teknikkar/verktøy innan kognitiv tilnærming som du vil delvis kjenne igjen frå ergoterapi.
Program for kurset
09.00 - 09.15
Velkommen v/avdelingssjef Bodil Stokke
09.15 – 10.00
Endringsprosess v/Margaret Søvik
Erfaring med fatigue og aktivitetsregulering v/brukarrepresentant
10.00 – 10.10
Pause
10.10 – 11.00
Kva er aktivitetsregulering? v/Bjørg Rene og Ruth Else Mehl Eide
11.00 – 11.10
Pause
11.10 – 12.00
Fortsettelse…
12.00 – 12.45
LUNSJ
12.45 – 13.35
Kognitiv tilnærming v/Bjørg Rene og Ruth Else Mehl Eide
13.35 – 13.45
Pause
13.45 – 14.35
Demonstrasjon av verktøy og praktiske øvelser
14.35 – 14.45
Pause
14.45 – 15.35
Fortsettelse av praktiske øvelser og diskusjon i plenum
15.35 – 15.45
Oppsummering og evaluering
Foredragshaldarar
Margaret Søvik
PhD og ergoterapispesialist. Margaret er fagseksjonsleiar ergoterapi på Høgskulen på Vestlandet i kombinasjon med 20 % stilling tilknytt Revmatologisk avdeling.
Ruth Else Mehl Eide
Ergoterapispesialist og tilknytt Revmatologisk avdeling. Ruth Else har vidareutdanning i motiverande intervju og kognitiv terapi. Ho har lang erfaring med behandling av pasientar med utmattelse/fatigue.
Bjørg Rene
MSc og ergoterapispesialist. Ho er tilknytt CFS/ME-poliklinikken ved Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering. Bjørg har vidareutdanning i kognitiv terapi og har lang erfaring med behandling av pasientar med utmattelse/fatigue.
Kurset er søkt godkjent
Kurset er søkt godkjent av Norsk Ergoterapeutforbund med 6 timar som ergoterapispesifikt og spesialspesifikt kurs meritterande til ergoterapispesialist i Allmennhelse, Somatisk helse og Eldres helse.
Påmelding
Kursavgift: 1100 kr - bindande påmelding.
Betaling med kredittkort eller VIPPS ved påmelding.
Påmeldingsfrist: 5. september 2018.
Meld deg på kurset