HELSENORGE

"Alle skal med"

"Alle skal med" er eit tilbod for ungdommar som ikkje finn seg tilrette i anna aktivitet. "Alle skal med" er eit samarbeidsprosjekt mellom Svømmeklubben Delfana, Idrett Bergen Sør og Energisenteret for barn og unge. 

Når? 
Søndag kl. 13.00-14.00

Kvar?
Bassenget
 i Energisenteret for barn og unge

Kven passar tilbodet for?
Tilbodet passar for ungdommar som ikkje finn seg tilrette i aktivitet og som fell mellom to stolar. 

Kva type aktivitet er dette?​​
Fri aktivitet i bassenget etter deltakarane sine ynskjer.  Intruktørane kan organisere aktivitet eller hjelpe til med t.d. symjetrening dersom det er ynskja av deltakarane. 

Kostar det noko? 
Aktiviteten er gratis​​​​.​

Må eg melde meg på?  
Påmelding til 406 24 861 seinast fredagen før kl. 12.00. 

Er det aktivitet i skuleferiar og på raude dagar?  
Aktiviteten fylgjer i utgangspunktet skuleruta. 

Kven kontaktar eg dersom eg har spørmål?
Du kan k
ontakte Svømmeklubben Delfana på 406 24 861. 

​Dersom du ikkje finn fram kan du ringe badevert på tlf. 55971245. Telefonen er bemanna 15 min før aktiviteten startar. ​​

Fann du det du leita etter?