Sjølvbetent innsjekk og betaling

Ved nokre avdelingar kan pasientar sjølve registrere seg og betale etter timen.

Dette gjeld no Kreftavdelinga, Hudpoliklinikk og lysterapi, Bryst og endokrinkirurgisk poliklinikk, Senter for søvnmedisin, Yrkesmesisinsk avdeling, og ved Brystdiagnostisk senter.

​Dette skal sikre betre køhandtering og betre oversikt for helsepersonell. Dette vil kunne bidra til å korte ned ventetida for pasientar som skal til utredning eller behandling på poliklinikk.

Den nye sjølvbeteningsløysinga kan samanliknast med innsjekkingen ein har på flyplassar:

  • Mobil - pasienten får informasjon om den aktuelle timen via SMS, og kan både registrere seg og ordne betalinga via eigen mobiltelefon 
  • Automat - I sjukehusbygningar der det er ein sjølvbeteningsautomat, kan pasienten sjølv registrere seg til blodprøve drop-in.
  • Faktura - eller pasienten kan få tilsendt faktura gebyrfritt.

Til deg som pasient

Når du får tildelt time på poliklinikken, vil du få SMS som før. Med den nye sjølvbeteningsløysinga får du i tillegg ei melding på SMS med registreringsinformasjon to timar før timen din. 

Korleis registrere deg når du kjem til sjukehuset

Du registrerer at du er komen til sjukehuset anten via tekstmeldinga du får frå oss, eller på ein av sjølvbeteningsautomatane våre. Om du ønskjer hjelp, kan du framleis melde deg i resepsjonen der du har time.

Smittevern og pasientbehandling

Av smittevernomsyn vil sjukehuset avgrense trafikken inn i sjukehuset med framleis strenge smitteverntiltak og besøkskontroll. Alle som skal til timeavtale blir kartlagt på førehand for mogleg covid-19 smitte, for å sikre at ingen tar med seg smitte inn i sjukehuset.

Les meir om covid-19 og sjekkliste før du skal til time (skjema)

Korleis finne fram

Ved registring kan du velje «Finne fram» og få opp eit kart som viser vegen til rett ventesone. Kartet får du òg opp ved å trykke på «Ventesone» på smarttelefonen. Det er òg tydeleg skilting til ventesonane.

Korleis veit du at du er komen til rett ventesone?

Når du registrerer deg, får du ein referansekode som består av to bokstavar og to tal. Dersom du skal til fleire undersøkingar same dag, er referansekoden din den same heile dagen. Referansekoden vil du finne igjen på skjermen på venterommet. Når status ved referansekoden din endrar seg frå «VENT» til «GÅ TIL», skal du gå til det rommet som er oppgjeven på skjermen. Denne informasjonen får du òg på smarttelefonen din.

Korleis betale

Ikkje vent på sjukehuset for å betale. Krav om betaling av eigenandel kjem som Vipps eller faktura i etterkant av konsultasjonen. 
Du vil motta faktura automatisk og gebyrfritt etter 2 dagar. Utgifter til materiell kan komme i tillegg sjølv om du har frikort.


Fann du det du leita etter?