Parkering

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset. 

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, om å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss det siste st​ykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsaker må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike område på og i nærleiken av sjukehuset.

Parkerin​gsområde

Det største området der pasientar kan parkere er parkeringsdekket i Sentralblokka. I tillegg er det parkeringshus rett etter bommen ved innkøyrselen til sjukehusområdet ved Pasienthotellet, og enkelte spreidde parkeringsplassar i sjukehusparken. Det er også parkering ved Kvinneklinikken/Augebygget. Det er eigne handikap-parkeringsplassar i alle parkeringsanlegga, sjå oversikt i Parkeringsregisteret hos Statens vegvesen.

Samarbeid med Haraldsplass

Haukeland har også eit samarbeid med Haraldsplass Diakonale Sykehus når det gjeld parkering. Haraldsplass har nyleg opna nytt parkeringshus i fjellhall, i retning Haukeland, der det er rikeleg med parkeringsplassar. Det er om lag ti minutts gange frå parkeringshuset til Sentralblokka på Haukeland. Har du god helse kan du gjerne parkere i fjellhallen og sette av litt ekstra tid til å gå til sjukehuset.

Les meir om parkeringstilbodet på Haraldsplass  

For el-bilar finst det tre ladestasjonar på parkeringsdekket i Sentralblokka. Desse finn du etter bommen på sørsida. 
  

​Sjå video for korleis du går fram for å få parkeringskort:

 
 

Prisar 

  • Kl. 08.00-17.00 Kr 10,- per påbegynte 20 minutt. Maks kr 210,- per døgn
  • Kl. 17.00-21.00 Kr 10,- per påbegynte 30 minutt
  • Kl. 21.00-08.00 Kr 5,- per påbegynte time. Maks kr 40,- per natt
  • Pårørandekort  Kr 350,- per veke eller for 7 inn- / utkøyringar  

Du kan betale med både kort og kontantar i betalingsautomatane. Parkeringsanlegga er bemanna heile døgnet. Ulovleg parkerte bilar får kontrollavgift og kan bli taua bort for eigars rekning. 

Gratis parkering

Nokre grupper slepp å betale for parkeringa. Dette gjeld blodgivarar, pasientar som er fritatt frå eigendel på grunn av lang ventetid og frivillig besøksteneste.  

Pasientens rettar

Nokre pasientar kan få dekka bruk av bil til behandling av helsemessige årsaker eller om det ikkje eksisterer offentleg transporttilbod. Du får meir informasjon om refusjon av utgifter ved bruk av eigen bil på nettsida til Pasientreiser​, eller ved å ringe 05515.  

Langtidspasientar og pårørande​

Dersom ein pasient er på sjukehuset i sju dagar eller meir, kan pasienten / pårørande få kjøpe eitt 1- eller 2- vekers parkeringskort til kr 350,- per veke. Ein kan få inntil tre kort samstundes til kvar pasient. Det er avdelinga der pasienten er lagt inn som må gi attestasjon om dette på eige skjema.


Sjå informasjonsvideo om kor du kan parkere på Haukelandsområdet:

​​​

Er du ilagt kontrollavgift og er uenig i denne kan du klage her:

klageweb for kontrollavgift​