På dei aller fleste avdelingane kan pasientar ta i mot besøk også utanom visittida.
Av omsyn til andre pasientar, er det fint om de går ut av rommet, for eksempel til ei av daglegstovene.
Om pasienten ikkje er frisk nok til å forlate rommet, vil vi gjerne at de avtalar besøk utanom vanleg visittid med personalet på avdelinga.
Enkelte avdelingar har eigne visittidar.
For meir informasjon kan du gå til nettsida til den avdelinga du skal besøke
Før du kjem på besøk må du gjere deg kjent med gjeldande regler:
- Du må vere frisk for å kome på besøk
- Du må ikkje ha nyleg oppståtte symptom på luftvegsinfeksjon, omgangssjuke eller liknande
- Du må følge vanlege smittevernreglar som å ha god handhygiene
- Du bør helst kome i visittida, men kan óg kome til andre tider etter avtale med avdelinga
Munnbind
Det finst framleis pasientar og besøkande som er uroa for eiga eller andre si helse i samband med luftvegsvirus, og dei som ønskjer munnbind kan sjølvsagt framleis bruke det.