Ambulante tenester
Spesialisthelsetenesta har etablert ambulante team både for vaksne og barn/ungdom. Målsettinga er at samhandling rundt den enkelte pasient skal vere tett og forpliktande på tvers av nivå.
Her er ei oversikt over ambulante team i regi av Helse Bergen:
1. Fysikalsk Medisin og Rehabilitering
Ambulant team - rehabilitering etter hjerneslag.
Foreløpig er arbeidet i Ambulant team knytt til forskingsprosjektet Slagbehandlingskjeda - Bergen. Prosjektet undersøker effekten av tidlegare utskriving frå sjukehuset for intensivert rehabilitering i heimkommunen.
Målgruppa er pasientar som får tilbod om intensivert rehabilitering i heimkommunen, dei får tilbod om oppfølging av teamet. Pasientane blir rekrutterte frå Nevrologisk avdeling, Slageininga, Haukeland universitetssjukehus.
2. Ambulant team - Habiliteringstenesta for vaksne
Det ambulante teamet har vore i funksjon sidan 1992, då Habiliteringstenesta blei oppretta som ei følgje av HVPU-reforma. Teamet har lang erfaring med samhandling med kommunane i Hordaland.
Målgruppe er vaksne personar med medfødd eller tidleg erverva funksjonshemming som treng spesialisert habilitering. Den største målgruppa er personar med utviklingshemming og ulike tilleggsvanskar. Også personar med autisme, sjeldne syndrom og funksjonshemmingar er målgrupper for det ambulante teamet.
3. Psykiatrisk akutteam - voksne (PAT)
Teamet starta opp i september 2005 som eit nytt akuttpsykiatrisk tilbod i Divisjon psykisk helsevern. Akutteamet er eit samarbeid mellom Helse Bergen, Bergen kommune, Solli sjukehus og Betanien Distriktspsykiatriske senter. Teamet har i dag ti tilsette.
Teamet består av spesial- og psykiatriske sjukepleiarar. Ein psykiater er fagleg ansvarleg for teamet. Teamets hovudfunksjon er å hjelpe andre instansar med å forhindre innlegging på sjukehus, og følgje opp etter utskriving ved korte innleggingar dersom andre instansar ikkje er aktivisert.
4. Klinikk for psykisk helsevern for barn og unge
Ambulante tenester: Målgruppe er barn og unge opp til 18 år som har problem på fleire arenaer, og som i periodar ikkje kan nyttiggjere seg poliklinisk behandling. Dette gjeld også barn og unge som har prøvd det meste utan at det har hjelpt, og når innlegging i sjukehus ikkje er ønskeleg.
Sist oppdatert 20.03.2023