Delplan for forsking og innovasjon 2023-2026
Forsking er ei av fire hovudoppgåver ved sjukehuset, saman med pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, og opplæring av pasientar og pårørande. Den primære målsettinga med forskings- og innovasjonsaktiviteten i sjukehuset er å forbetre helsetenestetilbodet til befolkninga.
Vi er landets nest-største universitetssjukehus. Satsinga på medisinsk og helsefagleg forsking og innovasjon er omfattande. Vi har fleire spissa forskingsmiljø på høgt internasjonalt nivå, samstundes som vi meiner at også breidda i forskinga er viktig. Som regionsjukehus med mange spissa funksjonar og høg kompetanse har vi særleg ansvar for å drive forskingsbasert pasientbehandling, utdanning og opplæring av helsepersonell. Denne delplanen er ambisiøs, og skal leggje grunnlaget for å styrke og forbetre forsking og innovasjon ved sjukehuset i perioden 2023-2026.
Behovet for helsetenester er venta å auke framover. Sjukehuset vil bli utfordra av endra demografi og sjukdomsbyrde, nye behandlingsmoglegheiter, høge krav og forventingar, rift om helsepersonell og trongare økonomiske rammer. Med desse utfordringane vil satsinga på forsking og innovasjon vere avgjerande for å utvikle berekraftige tenester med mindre bruk av personell, for å prioritere godt og for å ta i bruk nye og betre metodar til nytte for pasientane. For å lukkast krevst tid og ressursar og godt samarbeid mellom leiarar, medarbeidarar, verneteneste, tillitsvalde, pasientar og pårørande.
Forsking og innovasjon ved sjukehuset skal vere klinisk retta, og vere med på å gi pasientane ei trygg, god og framifrå helseteneste. Pasientane våre skal få tilgang til utprøvande behandling gjennom kliniske studiar. Det å tilby nye metodar og nyvinningar i helsetenesta innan legemiddel, medisinsk utstyr, diagnostikk og pasientforløp mv. vil virke motiverande for behandlarar, samstundes som det utviklar kompetanse og interesse for forsking og innovasjon i heile organisasjonen.
Forsking og innovasjon er viktig for alle kliniske fagområde ved sjukehuset. Innafor psykiske lidingar, ruslidingar og kreft kan det vere særlege behov for forskingsinnsats. Der er det ofte pasientgrupper med kompliserte sjukdomsbilete som krev tenester frå fleire einingar og fleire typar fagpersonell ved sjukehuset, og det er stort behov for ny kunnskap for å kunne tilby betre behandling.
Haukeland universitetssjukehus er ein viktig forskings- og utviklingsaktør, og samarbeidet med andre helseføretak, universitets- og høgskulesektoren og med næringslivet er viktig for ny kunnskap til nytte for helsetenesta.
I Delplan for forsking og innovasjon så kan du lese meir om fem innsatsområde for Haukeland universitetssjukehus: organisering av forsking, Utprøvarsjukehuset, meir og betre bruk av helsedata og biobankar, innovasjon, samhandling og infrastruktur for forsking og innovasjon.
Sjå også Haukeland universitetssjukehus sin utviklingsplan for 2022-2035