Mange pasientar har dessverre ikkje mulegheit for å planlegge sjukehusopphaldet fordi dei blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp. Men hvis du mottar innkalling på førehand, kan det ofte vere greit å førebu seg litt.
Nedanfor finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.
Kven møter du?
Personalet har namneskilt med stillingsbeskrivelse, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset.
Legar og sjukepleiarar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus, men du kan også møte:
Bioingeniør som kjem til avdelingane kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar.
Radiograf som førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
Stråleterapeut som tar bilder, legg til rette for og utfører stråleterapi for bestemte sjukdommar.
Fysioterapeut som hjelper til med å førebyggje funksjonsvanskar som følgje av for eksempel operasjonar. Dei kan hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne eller til å lære å leve vidare med endra funksjonsnivå.
Ergoterapeut som hjelper deg med å fungere best muleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og som legg til rette praktisk hjelp.
Sosionom som gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
Klinisk ernæringsfysiolog som hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
Sjukehusprestar med lang erfaring i å snakke med pasientar og pårørande. Nokon har behov for kontakt med andre livssynsorganisasjonar. Personalet kan hjelpe deg med å formidle kontakt.
Studentar og spesialistkandidatar i forbindelse med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.
Pasientvenner
På nokre avdelingar vil du møte pasientvenner frå Røde Kors. Sosionomtenesta kan hjelpe deg med å etablere kontakt med ein pasientvenn.
Publisert
22.04.2010 15:00 |
Endret
27.08.2010 12:32