På spinaleninga vil pasienten møte eit tverrfagleg team som er spesialisert i å gi ryggmargsskada ei komplett og best mulig rehabilitering.
Telefon: 55 97 60 40
Besøksadresse:
Gamle hovudbygg
Kva kan pasienten forvente å få hos oss?
- Ei betre forståing av kva ein ryggmargsskade tyder for den enkelte
- Ei behandling som er systematisert etter internasjonalt anerkjente prinsipp
- Livslang oppfølging
- Jamnlege og strukturerte møte med den skadde, pårørande og primærhelsetenesta
- Eit samkjørt team som jobbar planretta
- Haldningar som tar individuelle hensyn og bygger på brukarmedverknad
- Samarbeid med akuttavdelingar, serviceavdelingar, rehabiliteringstenestene, hjelpemiddelsentralane og primærhelsetenestene i regionen.
Spinaleininga gir livslang oppfølging, og etter primær rehabilitering vil pasienten få tilbod om treningsopphald og kontrollar ved behov.
Dersom det oppstår komplikasjonar eller sjukdom som krever innlegging i sjukehus skal den ryggmargsskadde innleggjast på spinaleininga, dersom ikke innlegging i annan avdeling passar betre.
Vi behandlar først og fremst pasientar som har fått skaden sin på grunn av ytre traumer. Men også pasientar med svulstar, blødningar og enkelte betennelsestilstander som gir ryggmargsskade kan søkast innlagt til oss.
Publisert
03.06.2010 19:07 |
Endret
08.06.2010 10:59