Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har om lag 11.000 tilsette som kvar dag har som mål å gje best muleg behandling og pleie til pasientane våre.
Kvart år behandlar vi nesten 600.000 pasientar og vi utdannar eit par tusen helsearbeidarar.
Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er Noregs nest største medisinske forskingsmiljø. Vi har dessutan ei rekkje kompetansesenter og spesialfunksjonar både på nasjonalt og regionalt plan. Budsjettet vårt er på om lag 7,8 milliardar kroner.
Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knytte til oss dei beste fagfolka og vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.
Nettsider på nynorsk
Kultur- og kyrkjedepartementet har vedtatt at helseføretaka fell inn under Lov om målbruk i offentleg teneste. Det er eit fleirtal av nynorskkommunar i regionen og Haukeland universitetssjukehus har derfor nynorsk som tenestemål. Det betyr at informasjon som går ut til eksterne mottakarar, der i blant pasientar og pårørande, skal vere på nynorsk. Det gjeld også nettsidene www.helse-bergen.no.
Personopplysningar via e-post
Ver varsam med å sende personopplysningar via e-post.
Sjukehuset har ikkje lov til å svare på medisinske spørsmål eller sende pasientjournalar på e-post.
Dersom innhaldet i e-posten er av ein slik art at den skal saksbehandlast, vil den bli lagt inn i saksarkivet og den offentlege postjournalen vår.
Saksbehandlinga skjer ikkje alltid raskare sjølv om saka er sendt via e-post.