Underernæring aukar risikoen for komplikasjonar, reduserer motstanden mot infeksjonar, forverrar fysisk og mental funksjon, gjev redusert livskvalitet, forseinkar rekonvalesensen og gjev auka dødelegheit. Dette er dokumenterte effektar av underernæring.
Ein underernært pasient har opp til tre gonger så lang liggetid i institusjon enn ein velernært pasient, avhengig av graden av underernæring. Studiar viser også at ernæringsstatus kan verta meir alvorleg i løpet av eit institusjonsopphald.
Tidlegare studiar har vist at 10 -60 % av pasientar som vert innlagt i sjukehus er underernærte ved innlegging og at over halvparten av desse ytterlegare går ned i vekt under sjukehusopphaldet. Dette kan føre til auka behov for heimetenester, fleire legebesøk og reinnleggingar.
Referansar
• Europarådet frå 2002: “Food and nutritional care in hospitals: How to prevent undernutrition”. Europarådet gav også ein resolusjon i 2003 som omhandla dette temaet.
• Nasjonale faglige retningslinjer for førebygging og behandling av underernæring
Stratton RJ, Elia M, Green CJ Disease related malnutrition: An evidence bease approach to treatment.
• Kondrup J, Allison SP, Elia M, Vellas B, Plauth M:
ESPEN guidelines for nutrition screening 2002.
Publisert
20.05.2010 12:36 |
Endret
30.06.2010 13:46