Spørsmål og svar 

 
 

Korfor treng vi blodgivarar?

Det er ingen erstatning for blod. Blod er eit levande materiale og sjølv med moderne og avansert teknologi kan ikkje blod framstillast kunstig – det må gis.
Det er ingen erstatning for blod. Blod er eit levande materiale og sjølv med moderne og avansert teknologi kan ikkje blod framstillast kunstig – det må gis.

Mange pasientar kan ikkje overleve utan blodoverføring. Desse pasientane er avhengige av hjelp frå blodgivarar. Behovet for blod i Norge aukar gradvis.

Kven kan vere blodgivar?

For å kunne gi blod må du

  • vere mellom 18 og 60 år (registrerte givarar kan gi til fylte 75 år).
  • kjenne deg heilt frisk
  • veie over 50 kg
  • ikkje vere i risikogruppe for HIV, hepatitt eller andre sjukdommar som kan overførast med blod


Er det farlig å gi blod?

Det er trygt å gi blod i Norge. I noen få, sjeldne tilfelle kan det skje skader. Du kan lese meir om risiko ved blodgiving på www.hemovigilans.no

Den største faren med å gi blod er jernmangel. Dette kan førebyggast ved å ta jerntablettar etter blodgiving.

Noen få blir svimle under eller etter blodgivinga. For å hindre dette er det viktig å ligge godt, kvile i 10-15 minutt etterpå og drikke rikelig like før og etter blodgiving. Du bør ikkje gi blod på tom mage. Ikkje gå frå blodbanken før du kjenner deg heilt vel.

Fysiske skader er sjeldan, men noen gonger kan området kring stikkstaden bli misfarga og hovent. Dette kallas hematom. Hematoma er ufarlige, men kan være ømme ei tid.

Nerveskade kan skje, men fører svært sjeldan til varig skade.

Blodgivarar kan krevje erstatning ved skader på lik linje med ordinære pasientar.

Gi Blodbanken melding dersom det oppstår biverknader ved blodgiving!

Korfor må du fylle ut spørjeskjema og bli intervjua?

Blodgiving/-overføring skal ikkje vere til fare verken for givar eller mottakar. Blodbanken må vurdere kvar givar nøye. Når du skal gi blod må du derfor fylle ut eit skjema med spørsmål om helsa di. Deretter blir du intervjuet.

Noen sjukdommar kan føre til at ein lettare kan få biverknader av blodtapet ved ei blodgiving. Det gjelder for eksempel hjarte-, kar- og lungesjukdommar. Enkelte medisinar kan også føre at man tåler blodtap dårligare. Derfor spør vi blodgivarar om sjukdommar og medisinbruk.

Noen sjukdommar kan overførast med blod frå givar til mottakar. Derfor kan du ikkje gi blod når du er eller nettopp har vore sjuk eller dersom det er risiko for at du er berar av ein smittsam sjukdom. Ved kvar blodgiving blir du spurt om du har vore i situasjonar med auka risiko for smitte med HIV eller hepatitt (smittsam gulsott).

Det betyr at du vil bli stilt fleire personlige spørsmål. I mange land finnast det infeksjonssjukdommar som kan smitte via blod hyppigare enn i Norge. Du vil bli spurt om kva land du og din eventuelle seksualpartnar har budd i eller besøkt og når dei var der. Avhengig av kvar du har vore og kor lenge, kan det være nødvendig med ein karantenetid før eventuell blodgiving.

Når du som blodgivar fyller ut eit skjema med spørsmål om forhold som kan vere viktig, og deretter snakkar med ein blodbanktilsett i einerom, får blodbanken den informasjonen vi treng for å sikre best mulig resultat både for deg og for den som skal få blodet. Blodbanken innhentar bare unntaksvis informasjon om blodgivaren sin helse frå andre enn blodgivaren sjølv, og bare etter at givaren har gitt uttrykkelig løyve til dette.

Utfylt og signert spørjeskjema oppfattas som skriftlig samtykke til blodgiving og til registrering av naudsynte helseopplysningar i blodgivarregister.

Dersom du etter blodgiving kommer på viktig informasjon som du har gløymt å gi, er det viktig at du tar kontakt med blodbanken og informerer om dette.


Blodprøver

Kvar gong du gir blod tar vi blodprøver til følgjande testar

  • Hemoglobin (blodprosent)
  • ABO og Rh(D)-typing ((Rh(D) typing kallast på folkemunne rhesustyping)
  • HIV
  • Hepatitt B og

Noen gonger utfører vi og

  • Ferritin (jernlager)
  • Syfilis
  • Andre blodtypeundersøkingar

Smittetestane blir undersøkt på den mikrobiologiske avdeling ved sjukehuset, ev. på ein annan mikrobiologisk avdeling i regionen eller på Nasjonalt Folkehelseinstitutt. Ein av prøvene som tas ved kvar tapping frysast ned og oppbevarast i 2 år.

Det er viktig å opplyse om risikoframferd/risikosituasjonar du har vore involvert i relatert til smittsame sjukdommar, spesielt HIV/AIDS. Dette fordi testane ikkje kan påvise sjukdom dei første vekene etter ein eventuell smitte, men blodet kan likevel vere smitteberande.

Analyser av blodprøver er et supplement til, men kan ikkje erstatte, spørjeskjema og intervju.

Fordi blodbanken testar blodet ditt og er forplikta til å informere deg om funn som er utanfor ”normalområdet”, kan du få informasjon om helsa di som du ikkje har bede om og kanskje ikkje ønskjer.

Det vanligaste er

  • for låg eller høg hemoglobinverdi
  • for store eller små jernlager

Sjeldnare er

  • smittetestar som er ”falskt positive”, dvs. positive i den første testen, men som ved vidare testing viser seg å være negative. Dette skjer for blodgivarar ca 350 gonger pr år i Norge, dvs. ved under 2 promille av blodgivingane.
  • smittetestar som er ”sant positive”, dvs. at det verkelig er påvist smittestoff eller teikn til tidligare gjennomgått infeksjon. Dette skjer ca 5 gonger pr år i Norge.

Sant positive testresultat vil alltid føre til at blodgivaren blir avregistrert og at det tappa blodet vert kasta. Givaren vil bli vist til sin fastlege for oppfølging. Falskt positive testresultat kan føre til at det tappa blodet blir kasta og medfører at blodet ved kvar giving må testast vidare med tidkrevjande metodar.
Derfor må blodbanken av og til avregistrere givarar med falskt positive testresultat.

Informasjon om slike testresultat gis som regel pr brev til givaren sin heimeadresse. Av og til vil givaren i slike tilfelle bli kalla inn for samtale med lege i Blodbanken.

Av og til treng vi blodprøver til forskingsprosjekt. I slike tilfelle vil vi be om skriftlig samtykke til å delta, dersom prøven ikkje kan gjerast anonymt.


Er det trygt å få blod etter ei slik utveljing?

Faren for at blodmottakar kan bli smitta med HIV eller hepatitt er svært liten når givaren har fylt ut spørjeskjemaet riktig og sannferdig, er blitt intervjua, og når blodet er testa på forskriftmessig vis.

Blodoverføring kan til tider gi biverknader, til dømes allergiske reaksjonar eller feber.  Dette er vanligvis milde reaksjonar som kan førebyggast og behandlas. I svært sjeldne tilfelle førekommer alvorlege biverknader.



Er det heilt sikkert at eg er frisk når eg gir blod?

Hensikta med blodgivarutveljinga er å undersøke om det kan være uheldig for deg å gi blod eller farlig for pasienten å få blodet – det er ingen generell helsesjekk eller erstatning for kontroll hos egen lege.

NB: Dersom du blir sjuk i løpet av dei to første døgra etter blodgiving, ta kontakt med Blodbanken på telefon 55 97 30 17. Utanom arbeidstid ring 932 30 492.


Kan eg trekke meg frå vidare blodgiving?

Som blodgivar kan du når som helst trekke deg frå vidare blodgiving. 
Det er ikkje naudsynt å opplyse blodbanken om korfor du trekker deg.

Dersom Blodbanken ikkje får beskjed om at du ikkje ønskjer å gi blod, vil du fortsette å få innkallingar til blodgiving i ca. eitt år, men dette kan variere frå blodbank til blodbank.

Om årsaka til at du trekker deg er forhold som blodbanken kan gjøre noe med, vil vi gjerne ha melding så vi kan vurdere nødvendige tiltak og betring.

Korfor treng noen pasientar blodoverføring?

Eit vakse menneske har mellom 4 og 6 liter blod avhengig av kjønn, høgde og vekt. Blodet transporterer oksygen i kroppen, vernar mot infeksjonar, transporterer næring til alle kroppens celler og fjernar avfallstoff.


Blodet består av
 

  • raude blodkroppar som inneheld hemoglobin. Hemoglobinet transporterer oksygen frå lungene. Jern er en viktig del av hemoglobinet.
  • kvite blodkroppar som deltar i kroppens forsvar mot infeksjonar.
  • blodplater (trombocytter) som medverkar til at blødingar stansar.
  • plasma som mellom anna inneheld vatn, saltar, protein, koagulasjonsfaktorar og immunglobulin (antistoff mot infeksjonar).

Blodoverføring er en uerstattelig del av moderne medisinsk behandling.

Etter store blodtap som følgje av skade eller operasjon trenger pasienten fleire raude blodkroppar for å transportere tilstrekkelig oksygen til kroppens celler. 

Blodoverføring kan også være nødvendig for pasientar som sjølv ikkje produserer nok av enkelte deler av blodet. Eitt eksempel på dette er pasientar som under cellegiftbehandling for kreft ikkje klarer å lage nok blodplater. Dette kan føre til bløding frå f.eks. nase og munn, i verste fall hjernebløding. Overføring av blodplater kan stoppe bløding og hindre nye blødingar.

Pasientar med blødarsjukdom lager ikkje nok koagulasjonsfaktorar og kan blø sjølv om dei ikkje har skadd seg. Med hjelp av koagulasjonsfaktor-konsentrat framstilt av givarplasma kan blødingar stansast og nye blødingar hindrast.



Kva slags blodtypar trengs?

Blodtypane er arvelige eigenskapar på dei raude blodkroppane. Dei viktigaste blodtypesystema er ABO-systemet og Rh-systemet. I ein norsk befolkning er fordelinga slik:

ABO-systemet

 

Rh-systemet

A

49 %

 

Rh(D) positiv

85 %

O

39 %

 

Rh(D) negativ

15 %

B

8 %

 

 

 

AB

4 %

 

 

 







Fordelinga er lik hos givarar og mottakarar. Derfor trengs alle blodtypar.


Kva gjer blodbanken med blodet ditt etter at det er gitt?

Blodet kan bli behandla litt ulikt frå blodbank til blodbank, avhengig av rutinar og behov. Vanligvis blir blodet filtrert for å fjerne kvite blodkroppar som bl.a. kan gi pasienten feberreaksjon. Blodposen blir sentrifugert for å skilje raude blodkroppar, blodplater og plasma, slik at det kan lagast separate blodprodukt av desse.  Alle blodprodukta settas i karantene inntil blodbanken har fått svar på alle testar. 

Blodprodukta oppbevarast på følgjande måte fram til dei blir gitt til pasientane:

  • Dei raude blodkroppane oppbevarast i kjøleskap i inntil 35 dagar.
  • Blodplatene oppbevarast i romtemperatur i inntil 7 dagar.
  • Plasmaet djupfryses og sendes i store parti til fabrikkjer i utlandet for framstilling av ulike plasmaprodukt som koagulasjonsfaktorar (blødarfaktorar), albumin, immunglobulin m.fl. Desse produkta sendes så tilbake til Norge. Grunnen til at plasma sendes til utlandet er at det ikkje finnes slike fabrikkjer i Norge.

Produksjonen av dei enkelte plasmaprodukta tilpasses behovet i Norge. Noen få gonger kan det derimot bli overskot av enkelte produkt, som kan bli seld til utlandet.

I enkelte tilfeller kan det oppstå uhell/feil ved produksjon av dei ulike produkta slik at dei ikkje kan gis til pasientar. I slike tilfeller må vi dessverre kaste blodet, bruke det til kvalitetskontroll eller gi det til mikrobiologisk avdeling som bruker det til påvisning av bakteriar.

Behandling av blodgivaropplysningar i blodgivarregister

  • Blodbanken lagrar den informasjonen blodgivaren gir på spørjeskjemaet og ved intervjuet. 
  • Blodbanken lagrar vurderinga av informasjonen med tanke på om givaren kan gi eller ikkje.
  • Blodbanken lagrar resultata frå blodprøvene vi tar.
  • Du har rett til innsyn i informasjonen som gjelder deg.
  • Du kan gjere krav på at feil blir retta. Kommunikasjon om dette må skje skriftlig.


Nye blodgivarar

Dersom du ikkje er blodgivar, men ønskjer å bli det, kan du ringe blodbanken eller bruke www.GiBlod.no. Du vil da få en time for registrering og blodprøvetaking. Det er vanligvis ikkje tapping ved registreringa.

Dersom du ønskjer å bytte blodbank, må du sjølv be den gamle blodbanken oversende dine blodgivardata til den nye blodbanken. Når den nye blodbanken får desse papira, vil du bli kalla inn til blodgiving.



Å være blodgivar

Du kan gi blod på ”vanlig måte” inntil 4 gonger i året. Du bør ete før du skal gi blod og drikke litt meir enn normalt før og like etter blodgiving.

For kvar blodgiving fyller du ut spørjeskjema og blir intervjua. Den som skal foreta tappinga desinfiserer stikkstaden nøye, forvissar seg om identiteten din og kontrollerer at blodposeetikettane er korrekt merkte. Du får et stikk i armen, gir 450 ml blod, og det tas blodprøver til testing.

Etter tappinga har du gitt 10-12 % av blodvolumet ditt. Volumet vil normalisere seg i løpet av noen timar. For å unngå uheldige reaksjonar som følgje av væsketapet, bør du kvile i 10-15 minutt etter blodgivinga og drikke rikelig.

Det er en svært liten risiko (mindre enn 1:10 000) for avsviming i løpet av dei første dagane etter blodgiving.


Andre råd
 

  • Dersom du kjenner deg svimmel eller uvel, legg deg straks ned eller sett deg med hovudet mellom knea. Har du opplevd ein slik episode, vil vi gjerne at du tar kontakt med oss. 
  • Dersom det begynner å blø frå stikkstaden, løft armen, trykk 5-10 minutt på blødingsstaden og sett på en ny bandasje når blødinga har stoppa.
  • Du bør ikkje utsette deg for harde fysiske belastingar det første døgnet.
  • Utfør ikkje handlingar som kan sette deg sjølv eller andre i fare, som å klatre i stillas, føre fly, tog eller buss, dykke el. l. dei første 12 timane etter blodgiving.
  • Du får ein bandasje på stikkstaden. Den kan du fjerne etter eit par timar.
  • Dersom du røyker, ikkje røyk ein halv time før og etter blodgiving.
  • For dei aller fleste blodgivarar er det viktig å ta jern etter blodgivinga. Dette får du av personalet. Ta tablettane slik personalet tilrår.
  • Dei første fire til seks vekene etter blodgiving vil blodprosenten vere lågare enn den pleier. Dette gir vanligvis ingen symptom. Dersom du driv med ein uthaldingskrevjande idrett, vil prestasjonane kunne vere litt svakare ein periode.
  • Blodgiving skal ifølgje blodforskrifta være frivillig og vederlagsfri. Dette er ikkje til hinder for at noen blodbankar gir deg ei lita gåve.

Vi gjer og merksam på at du til ei kvar tid i prosessen kan stille dei spørsmål du måtte ønskje – personalet har teieplikt.



Blodgiving ved aferese

Aferesetapping vil seie at blodet tappast med hjelp av ei maskin. Blodet blir sentrifugert og separert automatisk, og du får tilbake dei delane av blodet som blodbanken ikkje har bruk for. Blodbankar som tapper ved hjelp av aferesemaskinar vil gi deg nærmare informasjon om dette.



Viktig å hugse før du skal gi blod

For at du ikkje skal komme forgjeves til Blodbanken, vil vi minne om følgjande:

  • Bruker du medisinar, kan det hende du ikkje kan gi blod. Det vil i dei fleste tilfelle vere avhengig av kva som er orsaka til at du bruker medisinar. I andre tilfelle er det legemidlet i seg sjølv som er avgjerande. Om du kan gi blod må derfor vurderas konkret i kvar einskild situasjon. Ved bruk av p-piller eller enkelte andre hormonpreparat kan du vanligvis gi. Bruker du antibiotika, kan du ikkje gi blod. Då må du vente til 14 dagar etter avslutta behandling. 
  • Er du allergikar, kan du som oftast gi blod når du er symptomfri og bruker lave dosar medisin.
  • Du skal ikkje gi blod dersom du har infeksjonssjukdom som til dømes
    - influensa, er forkjølt, har bronkitt eller sår hals
    - sår som følgje av forkjøling, herpes
    - diaré, omgangssjuke eller urinvegsinfeksjon
    - opne eller infiserte sår
    - akutte soppinfeksjonar
  • Sjølv etter relativt ubetydelige infeksjonar må du ha vore frisk i to veker før du gir blod.
  • Du skal ikkje gi blod dei første 24 timane etter tannlegebesøk.
  • Kan du ikkje komme til avtalt tid, er det fint om du gir blodbanken melding om dette slik at dei kan kalle inn ein annan i din stad. 

Er du uviss på om du bør gi blod, kontakt blodbanken på tlf 55 97 30 17


Beinmargsgiving

Som blodgivar kan du melde deg som beinmargsgivar, dersom du oppfyller visse kriteria. Sjå eigen brosjyre.


Parkering

På parkeringsdekket  i sentralblokka ved hovudinngangen til sjukehuset. Der finns eigne plassar merkte Blodgivarar.

Parkeringsbillett medbringes til Blodbanken og stemplas. Ingen kostnad for parkering.

Dersom du lurer på noe i samband med blodgiving, ver god å ta kontakt med Blodbanken.

Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin
Haukeland Universitetssjukehus
5021 Bergen 

Tlf. 55 97 30 17
E-post:
blodbanken@helse-bergen.no


Referansar

Helse- og omsorgsdepartementet har utarbeidd ei forskrift, Blodforskriften av 4. februar 2005.

Formålet med denne er å sikre eit høgt tryggingsnivå for både blodmottakarar og blodgivarar, og å hindre overføring av smitte og trygge sikkerheita og kvaliteten på blodprodukta. 
Denne informasjonsbrosjyren er basert på blodforskrifta.

Kriteria for utveljing av blodgivarar baserer seg på Veileder for transfusjonstjenesten i Norge utarbeidd av Sosial- og helsedirektoratet.

Blodgjevarar er i juridisk forstand å anse som pasientar med dei same rettar etter m.a. pasientretts-, spesialisthelseteneste- og helsepersonellova.


Publisert 08.06.2010 22:12 | Endret 26.09.2011 15:25 

Sjekkliste  Sjekkliste

Kort sjekkliste før du avtalar time

  • Enkel tannbehandling, vent 24 timer.
  • Forkjøling utan feber, vent 1 uke.
  • Munnsår/opne sår, vent 14 dagar etter tilheling.
  • Rotfylling, tanntrekking osv., vent 1 veke etter avslutta behandling.
  • Hatt oppkast eller laus avføring, vent 14 dagar frå du er frisk. 
  • Gjennomført noen form for tablettbehandling, vent 14 dagar etter avslutta kur.
  • Feber og influensa, vent 14 dagar frå du er frisk. 
  • Opphald i USA og Canada, vent 4 veker etter heimkomst. 
  • Opphald i Austen og Afrika, ta kontakt. 
  • Flåttbit, vent 4 veker - viss infeksjon, vent 6 månader.
  • Skifte av seksualpartnar, vent 6 månader. 
  • Vore i malariaområde, vent 12 månader.
  • Tatovering og piercing, vent 6 månader. Ikkje gi med piercing i slimhinner.
  • Vore i Storbritannia i meir enn 1 år til saman i perioden 1980 - 1996, ta kontakt med Blodbanken.
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo