Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Angiografi og intervensjon

Angiografi er ein metode for kateterbasert undersøking av blodårene i kroppen, der ein nyttar røntgenstråling og kontrastmiddel for å framstille blodårene. Dersom ein brukar denne metoden som vegleiing for å utføre ulike behandlingar vert det kalla intervensjon.

  
For alle undersøkingar ved angio / intervensjon gjeld følgjande:


  • Pasienten må faste minimum 6 timar.
  • For pyelostomi (innlegging og skifte) gjeld 4 timar faste.
  • Klare væsker kan drikkast inntil 2 timar før undersøking. 
  • Alle pasientar skal ha tatt blodprøve for kontroll av nyrefunksjon, GFR og kreatinin. Prøven skal ikkje vere eldre enn sju dagar. 


Ved bruk av Marevan® skal INR vere regulert på førehand. Blodprøve tas samme dag og svar må foreligge før undersøking. INR skal vere 2,0 eller mindre. 

Dei blodfortynnande medikamenta Pradaxa®, Xarelto® og Eliquis® skal ikkje tas siste 24 timar før undersøking. Ved nedsett nyrefunksjon og GFR < 50 skal Pradaxa ikkje tas siste 48 timar.

Ved diabetes skal medikamenta Metformin®, Glucophage®, Avandamet®, Competact® og Janumet® ikkje tas 2 dagar før undersøkinga.

Dersom blodprøve du har teke i løpet av dei siste sju dagar viser normal nyrefunksjon, kan medisinen tas som normalt. Ved nedsett nyrefunksjon skal desse preparata heller ikkje tas i etterkant av undersøkinga. I dette tilfellet må nyrefunksjonen kontrollerast med blodprøve også etter behandling, før oppstart av aktuelle medikament. Om det gjeld deg vil du få nærare informasjon. Insulin tas som normalt.  Pasientinformasjon Metformin 

Andre faste medisinar tas som normalt, hugs å ta med medikamentliste.

 Dersom du er gravid, har diabetes eller allergi, ynskjer me informasjon om dette.

 Opplys også om du brukar eit av dei blodfortynnande medikamenta Marevan®, Xarelto®, Pradaxa® eller Eliquis®.

Før

Før du kjem til oss

Pasientar til undersøking av blodårene har vore til forundersøking hjå lege og vert lagd inn på sengepost i forkant av undersøkinga. Du vil der frå informasjon om den planlagde behandlinga.

  • Du må vere fastande.
  • Det vil bli lagd inn veneflon i armen, og aktuelle blodprøvar vert tekne.
  • Du vert køyrd i seng til undersøkelsesrommet på Radiologisk avdeling.
  • Hugs å ta med deg liste over faste medisinar du brukar.
  • Dersom du er gravid, har diabetes eller allergi, ynskjer me informasjon om dette.
  • Opplys også om du brukar eit av dei blodfortynnande medikamenta Marevan, Xarelto, Pradaxa eller Eliquis.

Under

Undersøking

På Radiologisk avdeling vil du bli møtt av to radiografar. Sjølve undersøkinga blir utført av lege med spesialisering innan røntgen og intervensjon (intervensjonsradiolog) i samarbeid med radiograf.

Før undersøkinga er det også her ein del førebuingar og radiografen vil stille deg nokre spørsmål. Hår vert barbert vekk i operasjonsfeltet (ofte begge lysker), huda vert desinfisert og du får eit operasjonsdekke over deg.

Blodtrykk og puls vert måla kontinuerleg. Totalt vil denne prosedyren ta 1- 3 timar. Radiologen startar med å gje deg lokalbedøving. Du vil vera vaken under inngrepet, men få avslappande og smertelindrande medikament etter behov.

Kontrastmiddel vert nytta undervegs, mange får ei varmekjensle av denne. Når bedøvelsen har fått virke vert det lagd inn ei hylse i ei hovudpulsåre. Denne fungerer som tilgong til blodåra, og det er no mogeleg å føre diverse utstyr, som tynne kateter og mandrengar, gjennom denne.

Det vil bli gjort angiografi for å kartleggje det aktuelle området. Behandlinga vert planlagd undervegs etter kva kontrastbileta viser.


Behandling

Etter actilyse og PTA. Røntgen
For pasientar med tette blodkar kan det vera aktuelt å blokke ut dei tette områda (PTA), legge stent eller setje medikamentell behandling lokalt i området som er heilt eller delvis tett.

Ved utposingar i blodårene (aneurismer) kan me dekke over skaden i karet med eit stentgraft. Dette vil hindre ny blodtilførsel til aneurismet, og forhindre vidare utvidelse av blodåra. Avhengig av lokalisasjon og storleik kan aneurismer også behandlast med andre teknikkar.

Døme på dette er coiler og partiklar som vil fylle utvidinga og slik hindre at denne veks og sprekk. Metoden kan også nyttast til pågåande blødningar. Med svært tynt utstyr kan ein nå ut i små kar og stoppe blødningar lokalt. Kva metode som vert nytta vert grundig vurdert i kvart enkelt tilfelle.

Etter

Etter undersøking

Sengeleie etter behandlinga varierer mellom 1- 4 timar, avhengig av kva metode som vert nytta for å lukke tilgongen til blodåra. Det mest vanlege er å leggje ein stram trykkbandasje på innstikkstaden i lysken.

Dersom anatomien og innstikket ligg til rette for det, er det mogeleg å leggje ein "plugg" for å kunne lukke opninga i karet på den måten. Det er viktig at du ligg heilt roleg og flatt i senga for å unngå blødning. Denne tida må du liggje til observasjon på sengepost. Sjukepleiar vil måle blodtrykk og puls undervegs.

Ved reiseveg mindre enn ein time og ukomplisert forløp vil du som oftast kunne dra heim same dag.Det er viktig å drikke godt før og etter ei undersøking der ein har fått kontrastmiddel.

Kontakt

Sentralblokka Radiologisk avdeling, Intervensjon

Kontakt Radiologisk avdeling, Intervensjon

Oppmøtestad

Vi heldt til i 1. etasje i Sentralblokka på Haukelandsområdet.
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.