Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kven kjem til oss

​Akuttrehabilitering

Spinaleininga tek imot pasientar frå heile helseregion Vest med traumatiske og ikkje-traumatiske ryggmargsskadar for rehabilitering. Pasientar med traumatiske skadar, til dømes etter fall eller trafikkuhell, vert først  lagt inn på ei akutt kirurgisk avdeling.

Pasientar frå Hordaland og Sogn og Fjordane kjem som regel direkte til Haukeland sjukehus;  Nevrokirurgisk avdeling ved nakkeskadar og Ortopedisk avdeling ved skadar i ryggen. Dersom skaden skjer i Rogaland, vil pasienten først bli innlagt på akuttavdelinga i Stavanger. Spinaleininga får melding frå akuttavdelinga så snart det er kome inn ein pasient med ryggmargsskade, og skal allereie då forberede overflytting så snart det er mogeleg.

Ikkje-traumatiske skadar kan kome frå akutt sjukdom i ryggmargen, eller som komplikasjon til medisinsk eller kirurgisk behandling. Avdelinga der skaden oppstår eller vert oppdaga melder pasienten til Spinaleininga.

Mange pasientar har tilleggsskadar eller komplikasjonar som gjer det nødvendig med eit opphald på intensivavdeling før rehabilitering tar til. Rehabiliteringsopphald etter akutt skade varer ofte frå 3 til 6 måneder. Pasientane skrivast ut anten til heimen, til rehabiliteringsinstitusjonar i heimkommunen, eller til mellombelse løysinger dersom naudsynt tilpasning av bustaden tek lenger tid. ​

Spinaleiningene skal vera kompetansesenter, som skal vera oppdatert på det beste behandlingstilbodet for personar med ryggmargsskade​. Sunnaas sjukehus har Spinaleining for Helse Sør/Øst, medan St. Olavs hospital har Spinaleining for Helse Midt og Helse Nord. Personale frå dei tre norske Spinaleiningene har årlege samarbeidsmøter og personalet deltar regelmessig på internasjonale kongressar og møter for å vera informert om nye behandlingstilbod.


Livslang oppfølgjing

Spinaleininga har livslang oppfølgjing for pasientar med skade på ryggmargen.  Det inneber at pasientar, fastlegar og andre spesialistar kan søkje råd her i alle høve som gjeld skaden og komplikasjonar til denne.
 

Spinaleininga kan gje rehabiliteringstenester i form av kontrollopphold for vurdering og trening, råd til fastlege og pasient, eller ved tilvising til andre treningsinstitusjonar. For å koma inn til kontrollopphald må fastlege søka, og ein blir satt på venteliste.


Opphald med særskilt fokus

Det finnast visse komplikasjonar der det kan vera naudsynt med opphald i Spinaleininga med særskilt fokus. Her er ei øversikt:


​Vi samarbeider tett med urologisk avdeling ved alvorlige blæreproblem der det kan vera aktuelt med kirurgisk eller medikamentell behandling. I forbindelse med dette blir ofte den ryggmargsskadde innlagt på Spinaleininga.

Nokon ryggmargsskadde har endringer av ereksjon, utløysing og andre seksualfunksjonar, og kan ha problem med infertilitet (ufrivillig barnløyse). Spinaleininga kan gje tilbod om rådgiving og medikamentell behandling av seksualfunksjonsproblem eller utredning/behandling ved ufrivillig barnløyse.

Spastisitet (unormal motstand mot strekk av musklar, somme tider spontane spasmer) er vanleg etter ryggmargsskade. Det kan vere naudsynt med spesialisert behandling av dette. Under opphald i Spinaleininga kan vi nytta botulinumtoxin som vert sprøyta inn i spastiske muskler, eller det kan vere aktuelt med infusjon av spasmedempande medikament (Baklofen) i ryggmargskanalen. Spinaleininga har og ein poliklinikk for spastisitetsbehandling, der ein, i tillegg til ryggmargsskadar, behandlar spastisitet som skuldast andre sjukdomar og skadar i sentralnervesystemet som til dømes hjerneslag, multippel sklerose og cerebral parese.

​Trykksår kan oppstå etter ryggmargsskade, grunna nedsett kjensle i huda og nedsett evne til stillingsendring. Ved kroniske trykksår som ikkje let seg behandle effektivt med avlasting av trykk, kan Spinaleininga tilby nokre dagers opphald eller poliklinisk avtale for samordna vurdering med plastikkirurg og ortoped.

​Nokon ryggmargsskadde med nedsett handfunksjon kan ha nytte av handkirurgi for å få betra funksjon. Ein slikt vurdering blir som regel gjort før utskriving frå primæropphald, og ein blir seinare kalla inn til operasjon og opptrening.

Lenker


ABC for deg med ryggmargsskade

​Landsforeningen for ryggmargsskadde

Sist oppdatert 28.10.2016